lørdag 19. september 2009

Etter valet '09.

Valet i Noreg er over, og ikkje alle truande er like nøgde med det. Erfaringa frå den raud-grøne tida har ikkje vore god kristeleg sett. Dei ser ut til å ha som mål å tilsetja mange kvinner som biskopar og mange som er homoliberale. Dei får då stor makt i folket. I skulen har det og vore turbulent der dei freista å ta bort kristne delar av skuledagen: Ein skulle ikkje syngja kristne bordvers før maten, ikkje halda kristen jul som før, ikkje "forkynna" i undervisninga m.m. Noko vart retta på etter press frå dei kristne. Men dette viser tendensen og kva "filosofi" som ligg bak fleire av dei raud-grøne sine folk. Difor hadde me vona at folk med meir positiv innstilling til ekte kristne verdiar skulle koma til. Det ser ikkje ut til å ha skjedd. Vår von og bøn må nå vera at statsministeren ser dette og finn folk som er meir positive eller nøytrale.

Slik har me framleis mykje å be om for landet vårt. Og eigentleg er det berre ei grundig landsvekking som kan hjelpa oss. Det vil me koma attende til.
ndh.