fredag 28. mars 2014

Forkynning.



Vår forkynning.
Eg har høyrt ein del forkynning i kyrkjer og bedehus i mange år. Det som altså slår meg , er at talen om konkret synd har stilna mykje av.

Ein talar nå om menneskeleg godleik og hjelpsemd. Mange talar villig om tilgjeving. Og Gud gjev alltid det, seier dei. For Jesus døde for oss.

Då spør eg: Kvifor skal me ha tilgjeving når me ikkje høyrer at me har synda mot Gud? Det er dette saka gjeld. Alle veit at dei har feiltrinn i livet og gjort noko galt mot andre. Men veit folk at dei står skuldige for den heilage Gud? Og det er me, sjølv om me ikkje tenkjer på det. Ein gong skal me svara for alt det me er og har gjort. Då nyttar det ikkje med gode gjerningar eller tårer.

Det skal sterk lut til å vaska synda bort frå oss. Det eine me treng er Jesu blod. Men då må prest og lekmann tala slik at folk ser si synd mot Gud, at dei treng denne tilgjeving frå Gud.. Og det gjeld Guds vilje med oss, både at folk ikkje trur og alt det me har gjort mot Guds bod. Det er sona hjå Gud, men du og eg treng tilgjeving for det. Eg saknar denne sterke tonen.

Nils Dybdal-Holthe.

tirsdag 4. mars 2014

Gud og helvete.



Gud og helvete.


Gong etter gong kjem spørsmålet opp: Korleis kan ein god Gud kasta folk i fortaping? For tanken er det umogleg å skjøna. Og det er vanskeleg å forklara det logisk.

Kan eg berre få nemna ein ting her: Me må ikkje gløyma dette: Fortapinga heng saman med syndefallet. Utan å sjå det, kan me ikkje skjøna Guds handlemåte. Det viser klårt at mennesket sjølv vel å gå bort frå Gud og er sjølv skuld i sin lagnad. Paulus si forklaring viser at det gjeld alle menneske. Rom. 5. Utan det bibelske grunnlag vil me aldri skjøna noko av Guds tankar.

Det er vondt at folk går fortapt, mange eller få. Men det er ein realitet. Og det må me forkynna – i kjærleik og omsut, men med alvor.
(Lesarinnlegg i Dagen 4. mars 2014.)

Nils Dybdal-Holthe.