lørdag 27. februar 2010

KRF og Misjon.


Fornying i KRF og Misjon.

I desse tider med iver etter fornying i alle slags organisasjonsliv, sa prof. Bernt Aardal noko vitugt i DM i dag 16. febr.: "Den største utfordringen for partiet fremover, er å ta vare på kjernevelgerne." Då tala han om Krf.

Mon ikkje det til ein viss grad gjeld for andre organisasjonar òg? Iveren etter å byggja nytt kan bli så stor at ein gløymer fundamentet og grunnlaget. Kjernen i misjonsarbeidet er vekkingsfolket. Der starta det, og der har det har det hatt hovudtyngda til vår tid. Kan me seia til kvarandre: Lat oss ikkje gløyma dei.

Nils Dybdal-Holthe.

(Dagen 26/2 2010.)

onsdag 3. februar 2010

Job.

Eg vil minna om preikene frå GT, der eg nå er komen til Jobs bok. Det er ei vanskeleg bok i Bibelen, tykkjer eg, men med lærdom og trøyst til menneske i naud og liding. Alle har me fått vår del av det, men somme menneske må lida meir enn andre. Job var ein av dei.
Det kjem meir der om han og frå bøkene før i Bibelen, men anna oppdrag gjer at det blir mindre nytt nå ei stund.
Adressa er denne: preken-gt.
eller hovudbloggen: tidenstegnndh.