onsdag 6. februar 2008

Kven får Guds lovnader?

Har alle Guds nåde?

Somme meiner visst at alle menneske eig Guds løfte og hans nåde. Den er for alle, for Gud tek ikkje lenger omsyn til kva me gjer eller korleis me er. Slik høyrer me folk seia.

Dersom me går til Bibelen og spør korleis Gud handsama folket i bibelsk tid, får me klåre svar. Det er tydeleg i soga om Israel. Alle som les GT ser at israelsfolket handla mot Guds vilje og tilba avgudar og synda i gjerning. Det er eit historisk faktum.

Av det ser me at Guds lovnader berre er for dei som vender om frå synda si og ber om nåde. Implisitt i dette ligg og at ein då går inn i eit nytt liv etter Guds vilje.

Byrjinga av profeten Sakarja er klargjerande her. Han byrja si teneste omlag år 520 f. kr. og me veit lite om kor lenge han levde og verkja som profet. Men det var sikkert nokre år etter boka hans å døma. Sakarja var mellom dei første som kom attende frå Babel og var truleg då ein ung mann eller gut.

Så får han profetord frå Herren. Og herren sine ord til han byrja slik: "Herrens vreide var stor mot fedrane dykkar," v. 2. Og Gud er ikkje vreid utan grunn. Då er det alltid folket sine synder som ligg bak. Og det må han seia til dei. Han kan ikkje byrja med å seia at Gud er nådig. Folket må først sjå at dei er syndarar.

Då held profeten fram: (etter NB) "Og du skal seia til dei ... Vend om til meg, seier Herren." v. 3. Det kjem altså etter ordet om Guds reaksjon på synda deira.

Eg trur kanskje at NIV (den engelske nye internasjonale omsetjinga) har fanga opp meininga her ganske godt. Der står: Difor skal du seia til folket...

Dette tyder at Gud Herren kallar den fråfalne og sløve truande til ei ny omvending. Dei har kome ut på feil veg, og det vil gå galt med det folket som lever i sine synder. Du vert nå kalla av Gud til å venda deg til Herren Jesus med di synd, vedkjenna deg alt og be om ny nåde.

Då vil han venda seg til deg med heile si frelse.
Me skal ikkje vera lik syndarane, sjølv om dei var fedrane våre, v. 4. Dei som syndar høyrer ikkje på Herrens ord, men går sine eigne vegar. Då går det galt.

Slik er det med Noreg nå. Mange politikarar aktar ikkje på Guds vilje og tanke, men fylgjer sitt eige vit. Dei vil ikkje gå på Guds vegar. Me har også inntrykk av at nokre som seier dei er kristne, ikkje tek den kristne tanken på alvor. menneskeleg tala er det politikarane som styrer mykje i landet vårt. Det er difor me skal be for alle som har ansvar i folket vårt, 1. Tim. 2, 2.

Det går galt med folket vårt og landet om gudlause menneske skal styra. Det lærer soga oss. Herre, sjå i nåde til landet vårt og andre land. Amen.