søndag 31. mars 2013

Påskedag.

Så var sigeren vunnen! Guds Son hadde vore menneske her på jorda. Då bar han synda for kvar ein og tok domen langfredag. Kvar synd var sona og betalt og vegen inn til Guds hjarta var opna for alle. Men Satan trudde han hadde vunne. Guds Son var jo dø! Døden hadde vunne.
.
Då kom sjokket: Tidleg sundag morgon steig Guds engel ned og opna grava og Jesus frå Nasaret steig ut. Nå var han ikkje eit menneske som Peter og Johannes. Påskemorgon vart det godtgjort og prova at denne mannen Jesus var Guds Son, ja, Guds veldige Son, Rom. 1,4.

Men han stod ikkje opp for si eiga skuld, for å visa at han var Guds Son. Det gjorde han og. Men det var noko meir: Han vart oppreist til vår rettferdiggjering. Rom. 4, 25. Han var sjølv rettferdig, og han gir oss som trur denne si eiga rettferd. På den måten står me og opp frå syndelivet vårt når me trur på Jesus. For vårt eige syndeliv går mot den evige døden der det ikkje er utgang lenger.

Ved trua på Jesus står reine og rettferdige for Gud. Det er mest ein utenkjeleg tanke. Korleis kan det skje? Slik må me undrast så mange gonger. Og det endelege svaret får me vel ikkje her i tida. Det kjem nok i fullt mon når me står opp lekamleg ved hans kome og stig inn i herlegdomsriket hans. Der skal me vera for alltid. Oppstoda blir slik ein himmelfart og ei himmeldør for syndaren.

Spørsmålet blir då: Har me gått inn der? Er du mellom dei som er frelst og fri - ikkje ved noko av deg sjølv. Berre ved Jesu rettferd! Det er ennå rom og tid til å venda om. Kom i dag - på sjølve påskedag!

lørdag 30. mars 2013

Påskelaurdag.

I dag er det laurdag og påskeafta. Noko særleg hende ikkje denne dagen, ytre sett. Då var Jesus i grava. Kva tyder så det?

Grava er eit prov på død. Og om Jesus er det og sant at han var eit sant menneske og ikkje berre Gud. Etter døden på krossen vart han difor lagt i grav i Jerusalem. Det tyder den endelege slutten på eit menneskeliv. Profeten skriv også om det: Hjå ein rik var han i sin død, Jes. 53, 9.

Men grava er ikkje "den siste kvilestad", som ein seier i mange gravferder. Den siste jordiske kvilestad er det, men det kjem ein ny dag - sundag morgon. Den kjem me attende til.

Påske

På TV vart det sagt at påske var den største høgtida for dei kristne. Og det er nok sant, sjølv om alle kristne høgtider er viktige og store for oss. Men påske står kanskje i ei særstode. Det har ein religiøs grunn: Då vart sluttsteinen lagt på den kristne frelse. Og det hende i dag, langfredag. Jesu død på krossen på Golgata var avslutninga på den jordiske tenesta han hadde. Det stod noko viktig att – oppstoda søndag morgon. Men alt dette heng saman.
Når me så ser at folk flest ikkje ser ut til å tenkja det grann på KVIFOR me har påske, vert det vanskeleg for somme av oss. Dei fleste ser ut til å berre leva for seg sjølv, dvs å få mest mogleg ut av påskehelga på fjellet med snø og fint vær. Andre vil helst vera ved sjøen i båt og turar der. Eg meiner ikkje at det er galt i og for seg. Men når påsken vert berre dette, vert det galt. For då tek dei omsyn til seg sjølv og det som høver for dei. Berre det. Då blir det galt.
Det er å vanvørda og “forakta” det største som Gud har gitt menneska. Eg sksulle altså ynskja at mange fleire ville sjå dette og vakna og leggja om livet sitt. Det vil seia å gå på Guds vegar, som diktaren sa. Det er det store påskeynskje eg har nå.