fredag 24. juni 2016

Bergpreika.

Bergpreika – Mat. 5-7.

Bergpreika er rekna for ein av Jesu programtalar. Ein annan finn me i Luk. 4, 16-20. Me har ein parallell til Bergpreika i Luk. 6, 20-49. Det er uklårt om det er same preika eller om han heldt dei på to ulike stader og tider. Det siste er mest truleg.
Her er fleire tema i denne talen. Her skal me berre peika på hovudlinene. Nedafor kjem noko av det meir detaljert.

1.Læresveinane og me kristne er sæle, kap. 5, 1-12. Her viser Jesus oss fram frå fleire synsvinklar. Me er audmjuke, reine, rettferdige m.m. Og det er særleg sant i vårt høve til Gud. Her på jord er me og tyngd av synder og feil.
2. Så viser han oss fram med vår plass på jorda, kva me er og dermed kva me skal, v. 13-16. Det er lys og salt, både visa veg for andre og vera ei kraft som varar land og folk frå vondt. Blir dei kristne færre og svakare og uklåre, vil også vår teneste som salt bli mindre. Då er det fare for landet og folket.
3. Dinest viser han lova sin plass, v. 17ff. Lova og profetane er ofte uttrykk for GT og den gamle pakt. Ikkje alt er avlyst der. Han oppfylte alt, men Guds veg og reglar for livet er dei same – kanskje strengare forklart på somme måtar i den nye pakt. Lova er ikkje berre eit ytre bod. Det handlar om vårt hjarteforhold til Gud og det vonde. Tanken og auga kan falla i synd om ikkje det blir gjerning – når me aksepterar det. Og det er kjærleik me skal målast på i livet vårt.
4. I kap. 6 er det tale om faste og bøn, v. 1-18. Og bøna kjem att i kap. 7, 7-12. Det er sjølve livsnerva i vårt åndelege liv. Dagleg må me ha kontakt med vår Far og Frelsar. Og han gir alltid svar, om ikkje alltid slik me vil.
5. Vidare peikar han på at hjarta er udelt og heilt med Herren. Me kan ikkje dela oss mellom det syndige jordeliv og det himmelske, v. 19ff. Mammon er ikkje berre pengar men og det jordiske. Det er naudsynt for oss å arbeida og leva på jorda, men Jesus vil åtvara oss mot å bli slukt av den. Meir treng ikkje ottast form dagar som kjem. Han er med oss.
6. Før ordet om bøn i kap. 7 kjem ordet om å ikkje døma andre. Privat dom er uttrykk for hovmot og store tankar i oss sjølv. Og etter bøna kjem ordet om dei to portar og vegar. Det er himmelvegen som er smak og fortapingsvegen brei der alt kan vera med. Og det er dei falske profetane som fører folk dit. Det er også dei som byggjer sitt liv på sand. Det kan ikkje stå i Guds dom. Der står berre dei som byggjer liv og von på berget Kristus.

Det er ikkje å undrast over at folket undra seg over det dei høyrde. Berre dei som har Guds sinn kan skjøna det han seier.