fredag 23. januar 2015

S. O. S.


SOS.

  Det er det gamle naudsignalet som var og er brukt på sjøen når skipet er i naud. I morsespråket er det tre prikkar og tre streker og tre prikkar igjen. Om lag slik: … --- … SOS tyder: Save our souls – frels våre sjeler. Det kan og tyda: Save our ship - berg skipet  vårt. Mange båtar har blitt berga på den måten.

  I nyare tid  er det kome inn eit nytt naudsignal: May Day. Det har ikkje noko med maydagen å gjera. Det kjem av eit fransk ord som tyder: Kom og hjelp meg. Det er eit talesignal der ein ber om hjelp.

  Det er godt å få hjelp til havs eller i lufta. Og det gjeld at hjelpa kjem fram i tide. Då har eg tenkt på eit anna kallesignal: Det er bøna til Gud når ein er i syndenaud eller andre problem i livet. Dei kan koma før ein veit ordet av det.

  I slike stunder har me altså lov å senda ut ei bøn til himmelen. Det treng ikkje vera mange orda. Eit SOS er nok. Gud høyrer godt og han ser kvar sjel på jord. Ta kontakt med han!

Nils Dybdal Holthe.

(Andakt - Ord for dagen - i Haugesunds Avis 24. jan. 2015.)

fredag 16. januar 2015

Nåde 2.

All nådes Gud.
1. Pet. 5,10-12; 4,10.
Av NDH.


I 1977 kom det ut ei bok om Mawson som reiste til Sydpolen i 1913. Han kom til polpunktet, men på vegen attende fraus han i hel. Siste kvelden skreiv han og i dagboka si. Den vart funnen att seinare, og slik veit me korleis han hadde det. Boka om Mawson heitte: Landet utan nåde. Her var det ingen veg attende, ingen snarveg eller naudutgang. Mawson kom åleine att til båten.

I Guds rike heiter det derimot: Alt er av nåde. Nåde tyder gratis, ufortent, som gåve - av Gud. Difor talar Paulus om “Nådens evangelium” i Apg. 20, 24. For evangeliet er det Gud har gjort og gjer for oss.

Og han er ikkje sparsom på sin nåde. I kap. 4, 10 heiter det: Guds mangfoldige nåde. Her er mange slags nåde avdi det er mange slags vanskar for oss menneske. Det er som ein forretningsmann. Han har mange ting i hyllene sine som folk treng eller må ha. Og han har meir ute på lageret. Går det tomt i hylla, går han ut på lageret og finn meir. Det er alltid nok hjå Gud - av alle slag. Her skal me tala litt om nokre av dei mange sidene ved Guds nåde, om den sanne nåde som Guds barn står i.

1. Golgata
er det første, sjå 2, 24 og 3, 18 og 1, 18-19. Peter skriv tydeleg at me er kjøpt med blodet frå Golgata, og der bar han våre synder opp på korset og slik førte oss fram til Gud. Men menneska ville ikkje dette, dei spurte ikkje etter korset og ville ikkje ha den forsnong Gud ville gi. Og me fortente det heller ikkje.

For menneske vil etter si natur synda, ja, berre sydna. For natura er vond. Syndefallet i Eden, 1. Mos. 3, førte alle menneske på veg til fortapinga. I oss sjølve er me redingslaust fortapte, og Guds dom kviler over alle på jord.

Då kom dei gode nyheter: Ein annan vart dømd i vår stad.Utan hjelp frå oss og utan vår vilje gjekk han til korset. Det var faktisk heidningar som dømde han og slik var den ytre reidskapen til at synda vart betalt, sjølv om det er ein vanskeleg seiemåte. Slik var Golgata ein nådeshandling av Gud. Det som var umogeleg for oss, det gjorde Gud -på alle måtar.
2. Kallet
er det andre her. Kallet frå Gud til frelse og omvending er rein nåde. Det er ikkje sjølvsagt at me skulle fåhøyra om det. Tenk på dei mange millionar som aldri fekk høyra. Då er kallet stor nåde for oss.

Og me gjekk bort frå Gud. Det er oss alle han talar om i Luk. 15. Me er sølvpenningen som kom bort, me er den tapte sauen, og me er guten som gjekk ut i synda og øydela alt for oss sjølve. Men til oss lydde og ropet: Søk Herren medan han er å finna. Jes. 55, 6. Eigentleg kunne me ikkje det og ville ikkje venda om. Me var bundne i synda sine lekkjer og elska synda.

Då kom kallet - midt i syndelivet. Det var uventa og ufortent.
I Kineseren 1923 står ei lita forteljing - på leiarplass. Ei kristen enkje dreiv ein liten butikk i ein småby. I bakrommet hadde ho eit lite kontor der ho førte bøkene og skreiv rekningar. Vesle Hans var son hennar, og han hadde ofte sett mor skrive. Ein dag fann mor ein liten lapp på tallerken sin der det stod: Frå Hans til mor. For å ha bore ved og kol - kr. 0,50. For å ha gått ærend - kr. 0,50. For å ha vore snill - kr. 0, 35. I alt kr. 1, 35.

Mor tok desse pengane og gav Hans og han tok mot og var glad. Ei tid etter fann hans ein lapp på sin tallerken. Der stod: Frå mor til hans. For hus, klær og mat i 10 år - ingen ting. For pleie og stell i 10 år - ingen ting. For omsorg og kjærleik i 10 år - ingen ting. I alt: Ingen ting.

Då ga Hans penagne attende til mor og sa: Eg kan ikkje behalde dei. Det eg har gjort for deg, er ingen ting mot det du har gjort for meg.

Slik er nåden. Frelse er det Gud har gjort - me har ikkje gjort noko som helst.
Eg nynnar ofte på ein song: Å, jeg undres hvorfor Jesus stanset meg og opp meg tok. Han forlot meg alle synder, skrev mitt navn i livets bok. - Slik er det. Eg kan ikkje stoppa å undra meg over dette: Kvifor fekk eg kallet, eg ein av dei få i mi bygd og mellom dei eg gjekk på skulen med. Kvifor stansa du meg? Det var nåde.

3. Guds bevarande nåde
er det tredje. Dei gamle tala om det. Han vil sørgja for oss i alle ting. Og Peter seier her: Han skal grunnfesta dykk, stadfeste og styrkje dykk. Han skal gjera oss faste slik at me byggjer på ordet og ikkje på oss sjølv eller det me føler. Dette har og blitt ei undring i mitt liv etter som åra går: At han fekk berga meg gjennom denne vonde verda. Her var mange fårar og freistingar. Det var ikkje mi forteneste. Det var eit under at slikt kunne henda.

Paulus seier til dei eldste frå Efesus i Apg. 20, 32: Nå overgir eg dykk til Gud og hans nådes ord. han kunne ikkje gjera meir. han hadde tala og formant. Nå la han dei over på Gud og hans ord og visste: det var nåde om dei nådde fram. Det må ofte ein talar gjera når han reiser frå bygd og by. Han gir folket over til Gud.

Etter ei kort tid med liding, sa Peter. Me må rekna med tronge tider som kristne. Aldri lova han berre sol og sumar. Jesus sa: han ber ikkej at Gud skal ta oss ut or verda, men at han varar oss gjennom verda. . For i verda har me trengsle, men han har vunne over verda, Joh. 17 og 16.
Mange lir av depresjonar nå, og dei kan ha mange årsaker. Me bør går til lege og spesialistar i slike høve. Dei kan hjelpa i mange høve. Likevel må me spørja: gløymer ikkje folk Gud midt i dette? Har du fått kvila i nåden, og tru at Jesus bevarer deg i alt? Stirer du på bylgjene i og omkring deg som Peter? I Mat. 14, 30 står det: Peter såg på uværer - og vart redd. Då sokk han. Den bevarande nåde seier: Sjå ikkje påproblema. Tenk på den Allmektige. Han har nåde nok, også i din situasjon. Då blir vanskane mindre enn nåden.

Salme 34, 5 seier: “Eg søkte Herren, og han svara meg, han fridde meg frå alt det som skremde meg. Og I Hebnr. 4, 15 står det: Me har ein øvsteprest som “kan ha medynk med oss i vår veikskap”, avdi han er prøvd i alt og kjenner oss heilt igjennom.

Me fell og syndar på mange måtar. Me har igrunnen stor ulyst til Guds ord og hans rike. Då er det godt å kunne syngja nr. 463: Rekk meg, o Jesus, din hjelpende hånd, når jeg er trett på min vei...- Lær meg å synge om Frelserens sår selv når det går meg imot.

4. Tenesten
er og nåde. Peter seier her: Han skal dyktiggjøre deg. Når han gjer det, er og heile æra hans. Me ikkje noko av og i oss sjølv. Me kan ikkje tena Gud rett slik me er sjølv. Og me fortente ikkje å få tena han, vinna nokon, vera lys eller gjera noko som helst i Guds rike. Det kan vara oss frp hovmod og det kan gi frimod. Hvis tenesta er nåde, kan alle gå. Då krev han ikkje kvalifikasjonar av ypperste slag. Han ber oss berre vere lydige til kvar tid.

Det gjeld misjonæren og predikanten. Og det gjeld kva ein på heimstaden sin, her i bedehuset, i forening og misjonslag. Vil du vere med? Det er heile kvalifikasjonen han ser etter. Så utrustar han kvar ein med spesielle gaver etter som han treng det. All nådes Gud har kalla, då gir han og all nåde til dei som er kalla.
Songaren sier dette slik: Det er bare nåde å give sin tid og sitt liv i hans hånd. det er bare nåde å være et redskap i Mesterens hånd.

5. Himlen
vert den siste nåde. Eg er viss om at me ser meir av nåden i det øyeblikk me stig inn porten enn me såg heile livet. Då vil me sanna: Det er nåde at eg får stige inn her. me opplever det Paulus skriv til korintarane: Det auga ikkje såg og øyra ikkje høyrde, og det som ikkje kom opp i noko menneskehjarte, det har Gud etla til dei som elskar han. 1. Kor. 2, 9. Dette ordet vert sanning her i livet i et godt samliv med Jesus. Men fullt og heilt vert det sanning i æva. Då opplever me noko me aldri drøymde om her på jord.

Det er målet for kallet: til sin evige herlegdom. Det kan kome liding på vegen dit, men det vert og nåde i lys av målet lenger framme.

Er det ditt mål? Har du funne fram og sessa deg like inn i nådens evangelium? Kallet lyder ennå. Det står ved lag det Meisteren gjorde. Den heilage byen har plass for deg og. Åp. 21, 1-2.

6. Men: Fortapinga
for dei som ikkje tok imot - det er landet utan nåde. Helvete er eit nådelaust rike, eit evig isøde borte frå Guds godleik og nærleik. Eg tenkjer med gru på alle dei som ikkje har fått teke imot i tide. Livet er kort, anledningane kan bli få. Difor må me nytta dei som er. Du får ingen anledning etter døden. Nåden endar med livet. Difor er det rett å seia: Grip anledningen nu, ja grip anledningen nu. O sjel som er her, kanhende det er, den siste anledning du får.

Må Gud signe oss til å vera der det er nåde i nådetida.

Guds løfter.


Løfter.


NDH.

Hebr. 10, 23.
”Han er trufast som gav løftet.”

Å gi løfter krev eigentleg truskap. Det ligg i sjølve ordet. Ein lovnad eller løfte er ord me seier som me tenkjer å halda. Det ligg ei plikt i det. Me sviktar nok ofte her, både for Gud og menneske. Og det er vår skam. Det kan plaga oss netter og dagar i årevis. Somme ting vert me aldri fri.
Gud sviktar aldri. Om me er trulause, er han trufast, står det. 2. Tim. 2, 13. Dei som har tald løftene i Bibelen, seier det er om lag 40.000 løfter der. Mange var til Israel, til Abraham, Moses og David og andre. Men Bibelen er gitt til oss alle, difor finn me ei rekke løfte som gjeld oss kristne.
Alt er samla i Jesus, der får me sjå oppfyllinga av dei. 2. Kor. 1, 20: Så mange som Guds lovnader er, i han har dei sitt ja og ved han sitt amen. Det er utruleg kor mykje godt Bibelen har. Dei som ikkje les i Skrifta, kan ikkje skjøna det. Dei har ikkje undersøkt det sjølv.
Luther sa ein gong: Ikkje noko er meir dyrebart i Skrifta enn Guds løfte. Dei held oss oppe og trøystar oss i all anfekting. Om Sara står det i kap. 11, 11: Ho heldt Herren for trufast som hadde gjeve lovnaden. Det er ei god innstilling og tanke.
Her skal me berre ta nokre få slike løfte som gjeld oss.



1. Lovnad om frelse.



For ein syndar er det det største i Bibelen. Gud har lova at menneska kan bli frelst. Og det ligg eigentleg på to plan. Same dag som syndefallet hende i Eden, sa Gud at ein skulle knusa slangen sitt hovud. 1. Mos. 3, 15. Det er profeti om at Kristus skulle sigra over Satan og synda. Då tida var mogen (fullkomen) til det, skulle Guds Son koma til jord. Gal. 4, 4.
Då fekk det fortapte menneske von. Ei stjerne var tent over syndeverda. Det var ein lovnad om oppreising som vart fullbyrda på Golgata. Langfredag er oppfylling av dette frelsesløftet. ”Opp på Golgatas dunkle høyde mørkhetens fyrste til fektning drog…” Jes. 7, 14 og 53, er andre slik lovnader som Jesus oppfylte.
Den andre delen av dette løftet er t. d. Jesu ord i Mat. 11, 28: Kom til meg alle de som slit og har tungt å bera, hjå meg skal de få kvila. Eit anna slikt ord er Johs 6, 37: Den som kjem til meg, vil eg så visst ikkje visa bort.
Alt dette er sterke ord om frelsesløftet. Farisearane såg at det vart oppfylt i Jesus. Dei sa t.d. i Luk. 15, 1f: Denne mann tek imot syndarar. Sannare kan det ikkje seiast. Slik talar Bibelen. Jesus vil at du skal bli frelst! Han vil tilgi di synd, gløyma fortida og skapa nytt liv i deg.
Johannes skriv i første brevet sitt: Dette er lovnaden han lova oss: det evige livet. 1. Johs 2, 25. «De røde blodsdråper fra Golgata roper om nåde og frelse for deg.» Og dette har han tenkt å halda! Men du må ta imot, opna deg og seia: Ja, takk.
(Meir skal me ikkje seia om dette her.)


2. Lovnad om å bli bevart.



Ein som kjem til Jesus, får både tilgjeving for synda og kraft til å leva vidare som ein kristen. Jesus frelser og tilgir – og er med oss kvar dag. Det er garantien han gir oss. Han frir oss frå stormane i livet og leier oss trygt gjennom det som kjem.
Det er ikkje utan problem å vera kristen. Men me har ein lovnad med oss som andre ikkje har. I misjonsbodet lyder det til slutt: Sjå, eg er med dykk alle dagar… Mat. 28, 20. Og det gjeld ikkje berre misjonæren som reiser til andre land. Det gjeld alle som lever med Jesus.
Jesus sa i Johs 10, 28: Og eg gjev dei evig liv, dei skal aldri i evighet gå fortapt, og ingen skal riva dei ut or mi hand. Og Paulus seier at evangeliet er ei Guds kraft til frelse, Rom. 1, 16. Og den gjeld ikkje berre den dagen du vart eit Guds barn. Den gjeld kvar dag. Du har same kraft frå Gud i evangeliet nå som den første dagen du var kristne. Salme 23, 2 har det same: Han leier meg, seier David. Slike lovnader vil Herren halda, du kan kvila på dei.
Ei jente kom heim etter eit møte der ho hadde gjeve seg over til Gud. Då gjekk ho inn på soverommet til foreldra og sa stilt: Eg har fått fast fylgje. Og dei tenkte nok at det var ein ny verson som skulle koma inn i heimen deira. Men ho la til: Eg har fått Jesus som min Frelsar.
Og det var det beste bodet dei kunne få den kvelden.
Han går ved min side og leder min gang, han blir ikke trett, han som jeg….


3. Lovnad om at Jesus kjem att.



Han har sagt at han vil koma attende til jord og henta alle sine heim. Då er me evig frelste. Difor er framtida vår lys.
Kva hjelpte det om eg vart frelst her på jorda – om ikkje eg hadde meir etter døden? Me er meir enn dyr. Me har ei evig sjel.
Det står mykje i Bibelen om dette. Nokre har rekna gjennom alle slike lovnader, og kom til om lag 318 i NT. Då er det viktig når det er sagt så ofte. Og dei siste ord i Bibelen er om dette: Kom, Herre Jesus. Ja, eg kjem snart. Åp. 22, 20.
Gud er trufast. Han gav lovnader om frelse, bevaring og atterkome – og mange andre. Dette siste er eg glad i. Han kjem att ein dag. Då blir alle dei truande rykt bort. Det vil ikkje vera att ein einaste sann kristne på jorda då. Den kristne sjåføren blir plutseleg borte. Butikkdama står og ekspederer – og så er ho ikkje der meir. To skal liggja i same seng, den eine vert borte ei natt eller kveld – den andre må vera att.
Paulus skriv om at dei truande skal rykkjast opp i skyer opp i lufta for å møta Herren. 1. Tes. 4, 16. Då kjem det ei sky frå mi bygd. Dei truande vert samla saman – frå kyrkjegarden og havet utafor og dei levande – og Herren tek dei heim til himmelen. Ei sky frå andre byar og bygder, skyer frå Afrika og Asia og Amerika. Alt Guds folk er borte. Det er berre slik, anten me likar det eller ikkje.
Det blir eit veldig møte. Jesus er hovudtalar, han les opp fridomsbrevet og ynskjer oss velkomne heim.
«Vi skal møte ham i skyene – herlighet stor, når vi løftes ifra land og byene, farvel, farvel da jord!»
Blir du med då? Det er ennå tid, og Jesus er redningen. Kom difor i dag.

 

torsdag 15. januar 2015

Nåde.


Nåde 1.

Av Nils Dybdal Holthe

 

Eg hugsar ein talar sa det slik for mange år sidan: Nåde er det fryktelegaste ordet i Bibelen! Eg stokk med det same. Kva meiner han med det? Eg tykte det var eit godt ord.

 

  Svaret var greitt: Det viser at eg er ein fordømt syndar som ingen ting kan. Det er berre dei som dømde som kan få nåde. Ja, det visste eg, og slik var eg og. Eg trong denne nåde.

  Kanskje dette ordet vert misbrukt meir enn mange andre. Det kan brukast til å dekka over og skjula mykje. Men skal nåde vera verkeleg nåde, må det ha vore eit oppgjer med erkjenning av skuld først. Den som får nåde, har stått for Gud med heile seg med visse om at han ikkje fortener noko. Guds Heilage Ande har avkledd han alt hans eige. Han står ribba framfor Gud og veit han fortener den strengaste dom.

  Ordet nåde finn me mange stader i Bibelen. Me skal ta for oss nokre  sentrale bibelvers nå. Dei kan visa oss noko vesentleg ved kristen tru og liv.

 

1. Frelst av nåde. Ef. 2,5 og 8.


Dette er eit grunnomgrep for alle kristne. Det er ikkje tal på dei gonger nokon har stått fram og vitna om dette. Dei hadde ingen ting i seg sjølv. Dei måtte få alt – det såg dei til slutt. Og då blir nåden stor. Mi frelse kjem berre frå Gud og hans Son. Og så syng me: «jeg er et intet, men Jesus er alt. Takk skal han ha for det!»

  Det er når me ser dette og får tru at det gjeld ikkje berre alle dei andre, men nett meg, at eg vert glad og trygg. Eg har fått nåde hjå Gud. Han har frelst meg. Då ligg takken så nær.

  Og så var det ved trua me fekk del i nåde og frelse. Ikkje mine eigne gjerningar eller eit nokonlunde bra liv. Nei, ved tru. Me fekk klynga oss til Jesus som hjelpelause og fattige syndarar. Nett då frelste han oss.

2. Nåden er stor nok. 2. Kor. 9, 14 og 12, 9.


Me veit at han har frelst mange andre. Me har møtte store syndarar som fekk koma. Til og med ein røvar fekk koma inn i Guds rike ved krossen langfredag. Men gjeld det alle?

  Når eit menneske møter Gud, ser det på seg sjølv på ein ny måte. Etter kvart sinn alle gode gjerningar bort. Det vart liksom ingen ting att av dei. Paulus kjende seg som den største syndar på jord, 1. Tim. 1, 15. Og det er faktisk ei erfaring som mange andre også har. Kanskje er det slik for alle i møte med den heilage Gud. Me er ikkje lenger berre den «nest-største» syndar. Det blir som i songen: Me ser oss «svart og urein» i møte med det heilage.

  Det er då me tenkjer: Er det frelse og nåde for meg?

  Då ser me i Guds bok: Me er frelst «etter rikdomen av hans nåde» Ef. 1, 7. Det er ikkje lite nåde i Guds rike. Han har eit stort lager som alltid er fullt. Der er nok for deg og!

  Gud seier det er nåde over nåde. Joh.1, 16. Dette er eit flott uttrykk. Og det kan omsetjast med: Nåde i staden for nåde, eller nåde på nåde. Det tyder at me kan ikkje bruka opp nåden. Me har ikkje ein konto hjå Gud med ein viss sum nåde. Han har eit rikt lager.

3. Nåden er større enn synda. Rom. 5, 20.


Det ver mykje vondt og synd i verda i dag. Det ser me i alle krigar og åtak som har vore, på heile land og einskildgrupper. Og me kan undrast: Er det nåde nok mot så mykje synd? Tenk på kor mange menneske som lid på grunn av andre menneske sin vondskap. Der er born og gamle og hjelpelause og ganske vanlege folk midt i arbeidet og livsgleda som blir pinte og plaga og drepne. Er det nok for alt det?

  Så må me tenkja på korleis mange menneske handlar mot Gud. Dei bannar og talar vondt om vår Herre og Gud. Her er folk som stiller spørsmål ved om det finst nokon Gud. Og dei spør om det er ein Gud vi bør ta på alvor når han tillet så mykje vondt i verda. Alt dette er hån mot den Allvise og Heilage Gud i himmelen. Kan Han tilgje og frelsa dei? Er nåden større enn alt dette?

  Då seier Ordet. Der synda vart stor, vart nåden endå større. Det er eit forunderleg ord. Og det viser at Guds nåde og frelse har ingen grenser den vegen.

4. Nåden er Jesus. Joh. 1, 17.


Lover og bud og regler for livet fekk Moses på Sinai. Og dei er gode og nyttige for oss menneske. Men ingen blir frelste ved å halda dei – om du så maktar det! Lova hadde si tid for jødane. Men lova har prinsipielt ingen nåde og heller ikkje kraft til å leva rett. Har norsk lov dømd ein mann til den hardaste straffa (før var det dødsstraff), kan ikkje lova benåda han. Fangen kan faktisk søkja om å få nåde av kongen. Men kongen er suveren til å seia nei eller ja.

  I den åndelege verda er Jesus kongen. Han har all makt. Mat. 28,18f. Det var han som kome med nåden, og han kjøpte frelsa for alle folk ved døden på krossen. Då vart alt fullført. Difor må me koma til han for å bli frelst. «Du kjem ikkje utanom Jesus, om du inn til livet vil gå,» song Trygve Bjerkrheim i 1956. Og det er berre Jesus som har nåde. Difor skriv Paulus til dei kristne i Rom: «alle – vert rettferdiggjorde ufortent av hans nåde ved utløysinga i Kristus Jesus,» Rom. 3, 24.

  Det er i Jesus du finn nåden. Han er nåde – og sanning. Jesus er sanninga, og han gir oss det sanne liv og vil me skal leva i sanninga.

 

5. Forgjeves nåde.


Det er åtvaringa til oss. Skal biletet bli nokonlunde fullstendig, må det vera med. Paulus skriv om det to gonger, begge gonger til den same forsamlinga – i Korint. I det første brevet til dei seier han mot slutten om seg sjølv: «Av Guds nåde er eg det eg er, og hans nåde mot meg har ikkje vore til fånytte (forgjeves)» 1. Kor. 15, 10. Her seier han at det hadde lukkast for Gud å frelsa han og bruka han i livet – og at alt var nåde.

  Men han seier også underforstått at det er mogleg – nåden kan bli til fånytte. Det åtvarar han dei same kristne til i andre brevet: «Vi formanar dykk og at de ikkje tek imot Guds nåde til fånytte» 2. Kor. 6, 1. Det blir ein tragedie.

  Puritanaren Matthew Henry seier om dette verset: «Det vil bli forgjeves for oss om me ikkje trur det og føyer seg etter det.» Det blir altså til fånytte dersom me ikkje tar imot frelsa ved tru. Både i Korint og i Galatia stod die i fåre for å blanda gjerningar inn i frelsa. Då dårar dei seg sjølve. (MacArthur). Og då var alt forgjeves. Då forkastar me i røynda Guds nåde (jfr. W. Barclay). Difor oppmodar Paulus dei til å ransaka seg sjølve om dei verkeleg er i trua. 2. Kor. 13,5.

 

Så er det den enkle truskapen mot Jesus og evangeliet som gjeld. For det er eit «Guds nådes evangelium» me har (Apg. 20,24). Det vil me halda fast ved.

tirsdag 13. januar 2015

Synd og nåde.

Den kristne forkynninga skal omfatta mange sider ved Guds ord. Her er eit rikt register å "spela" på. Bibelen er full av emne innan både kristen tru og liv, teologi og diakoni m.m. Men det er eitt felt me ikkje skal gløyma, elles vil kristen tru ta skade.


Det er talen om synd og nåde.


Ikkje berre nåde. Det kan lett bli ei sovepute og ein kristendom som er - skal me seia: haltande. Jo, nåde er eit grunnomgrep i kristen tru. Det skal ikkje vera tvil om det. Om me skulle gjerne sagt meir om det her. Det får venta litt. Men nå må me stansa for det doble omgrepet: synd og nåde. For dei høyrer saman.


Me kan spørja: Kva skal me med nåde? Kvifor skal me tala om den og "bruka" den?


Nåde tyder gratis, utan forteneste, ei gåve. Og kva er det me treng gratis? I vår tid trur me gjerne at me maktar mest alt. Og i vårt land har me store resursar menneskeleg tala. Kvifor treng me då noko anna - som gave?


Og svaret ligg i vår stilling og tilstand. Ordet synd dekkjer alt her. Synd tyder i denne samanheng at me menneske er komne bort frå Gud. Av natur høyrer me ikkje han til. Og synda har øydelagt så mykje i oss at me ikkje sjølv kan finna fram og får tilgang og samfunn med den heilage Gud.


Synd er ikkje berre einskildgjerningar som mange kan seia om: Det har eg ikkje gjort. Ved syndefallet i Eden (1. Mos. 3) vart sjølve natura vår skada og øydelagt.


Pontoppidan seier noko sterkt her - og det er luthersk lære (eg siterer bokmål): 382: "Hva blir da følgen av dette første syndefall?: Alt ondt. Tapet av gudsbildet, og i stedet for det den avskyelige likhet med Satan og trelldom under ham med fordervelse både for  sjel og legeme. Kort sagt: Døden, både åndelig, legemlig og evig. 1. Mos. 2, 17."


Og i neste avsnitt talar han om korleis synda har øydelagt menneske si sjel: 383."1) Den har formørket forstanden, som i menneskelige ting er blitt halvblind og i guddommelige ting helt blind, ja, tilbøyelig til alle villfarelser og falske meninger om det som hører Gud til.
2) Den har røvet viljen dens hellighet og gjort den fiendsk mot Gud.
3) Den har voldt forstyrrelse i begjæringene, i sinnets følelser og til like i samvittighetens fred. Rom. 8,7; Efes. 4, 18; 1. Kor 2, 14."


Det er sanneleg sterke saker. Det skal meir til for å rette opp dette enn god vilje og nokre gjerningar me gjer til beste for folk.


Den store skaden er ikkje at me gjer noko galt mot andre menneske. Det er nok ein stor feil ved oss. Med hovudskaden er at me er skilde frå Gud og ute av stand til å koma attende.


Difor treng me noko meir og annleis enn våre eigne gjerningar. Me må verta ein ny skapning, fødde på nytt for å vera med i Guds rike. Og der kan me ikkje gjera noko til eller frå, like lite som me har fødd oss sjølve som menneske.


Skal du og eg og alle andre bli Guds born og frelste menneske, må Gud gjera alt. Og det har han lova. Jesus er reiskapen. han døydde for denne store synda vår. Nå kjem han med tilbod om frelse. Då skal du ikkje klussa det til med ditt eige strev. Du skal leggja deg ved foten av krossen og ropa: Frels meg. Gåva ligg klar. Du får alt utan betaling eller eige strev. - Kva skulle me med nåde dersom me kunne gjera det sjølv?


Kva gjer me når me får ei gåve? Me seier takk.


Å tro det er å takke
Guds vei er nådens vei.


Slik skreiv prestedottera i Danmark året før ho døydde. Og det kan me og gjera.