torsdag 15. januar 2015

Nåde.


Nåde 1.

Av Nils Dybdal Holthe

 

Eg hugsar ein talar sa det slik for mange år sidan: Nåde er det fryktelegaste ordet i Bibelen! Eg stokk med det same. Kva meiner han med det? Eg tykte det var eit godt ord.

 

  Svaret var greitt: Det viser at eg er ein fordømt syndar som ingen ting kan. Det er berre dei som dømde som kan få nåde. Ja, det visste eg, og slik var eg og. Eg trong denne nåde.

  Kanskje dette ordet vert misbrukt meir enn mange andre. Det kan brukast til å dekka over og skjula mykje. Men skal nåde vera verkeleg nåde, må det ha vore eit oppgjer med erkjenning av skuld først. Den som får nåde, har stått for Gud med heile seg med visse om at han ikkje fortener noko. Guds Heilage Ande har avkledd han alt hans eige. Han står ribba framfor Gud og veit han fortener den strengaste dom.

  Ordet nåde finn me mange stader i Bibelen. Me skal ta for oss nokre  sentrale bibelvers nå. Dei kan visa oss noko vesentleg ved kristen tru og liv.

 

1. Frelst av nåde. Ef. 2,5 og 8.


Dette er eit grunnomgrep for alle kristne. Det er ikkje tal på dei gonger nokon har stått fram og vitna om dette. Dei hadde ingen ting i seg sjølv. Dei måtte få alt – det såg dei til slutt. Og då blir nåden stor. Mi frelse kjem berre frå Gud og hans Son. Og så syng me: «jeg er et intet, men Jesus er alt. Takk skal han ha for det!»

  Det er når me ser dette og får tru at det gjeld ikkje berre alle dei andre, men nett meg, at eg vert glad og trygg. Eg har fått nåde hjå Gud. Han har frelst meg. Då ligg takken så nær.

  Og så var det ved trua me fekk del i nåde og frelse. Ikkje mine eigne gjerningar eller eit nokonlunde bra liv. Nei, ved tru. Me fekk klynga oss til Jesus som hjelpelause og fattige syndarar. Nett då frelste han oss.

2. Nåden er stor nok. 2. Kor. 9, 14 og 12, 9.


Me veit at han har frelst mange andre. Me har møtte store syndarar som fekk koma. Til og med ein røvar fekk koma inn i Guds rike ved krossen langfredag. Men gjeld det alle?

  Når eit menneske møter Gud, ser det på seg sjølv på ein ny måte. Etter kvart sinn alle gode gjerningar bort. Det vart liksom ingen ting att av dei. Paulus kjende seg som den største syndar på jord, 1. Tim. 1, 15. Og det er faktisk ei erfaring som mange andre også har. Kanskje er det slik for alle i møte med den heilage Gud. Me er ikkje lenger berre den «nest-største» syndar. Det blir som i songen: Me ser oss «svart og urein» i møte med det heilage.

  Det er då me tenkjer: Er det frelse og nåde for meg?

  Då ser me i Guds bok: Me er frelst «etter rikdomen av hans nåde» Ef. 1, 7. Det er ikkje lite nåde i Guds rike. Han har eit stort lager som alltid er fullt. Der er nok for deg og!

  Gud seier det er nåde over nåde. Joh.1, 16. Dette er eit flott uttrykk. Og det kan omsetjast med: Nåde i staden for nåde, eller nåde på nåde. Det tyder at me kan ikkje bruka opp nåden. Me har ikkje ein konto hjå Gud med ein viss sum nåde. Han har eit rikt lager.

3. Nåden er større enn synda. Rom. 5, 20.


Det ver mykje vondt og synd i verda i dag. Det ser me i alle krigar og åtak som har vore, på heile land og einskildgrupper. Og me kan undrast: Er det nåde nok mot så mykje synd? Tenk på kor mange menneske som lid på grunn av andre menneske sin vondskap. Der er born og gamle og hjelpelause og ganske vanlege folk midt i arbeidet og livsgleda som blir pinte og plaga og drepne. Er det nok for alt det?

  Så må me tenkja på korleis mange menneske handlar mot Gud. Dei bannar og talar vondt om vår Herre og Gud. Her er folk som stiller spørsmål ved om det finst nokon Gud. Og dei spør om det er ein Gud vi bør ta på alvor når han tillet så mykje vondt i verda. Alt dette er hån mot den Allvise og Heilage Gud i himmelen. Kan Han tilgje og frelsa dei? Er nåden større enn alt dette?

  Då seier Ordet. Der synda vart stor, vart nåden endå større. Det er eit forunderleg ord. Og det viser at Guds nåde og frelse har ingen grenser den vegen.

4. Nåden er Jesus. Joh. 1, 17.


Lover og bud og regler for livet fekk Moses på Sinai. Og dei er gode og nyttige for oss menneske. Men ingen blir frelste ved å halda dei – om du så maktar det! Lova hadde si tid for jødane. Men lova har prinsipielt ingen nåde og heller ikkje kraft til å leva rett. Har norsk lov dømd ein mann til den hardaste straffa (før var det dødsstraff), kan ikkje lova benåda han. Fangen kan faktisk søkja om å få nåde av kongen. Men kongen er suveren til å seia nei eller ja.

  I den åndelege verda er Jesus kongen. Han har all makt. Mat. 28,18f. Det var han som kome med nåden, og han kjøpte frelsa for alle folk ved døden på krossen. Då vart alt fullført. Difor må me koma til han for å bli frelst. «Du kjem ikkje utanom Jesus, om du inn til livet vil gå,» song Trygve Bjerkrheim i 1956. Og det er berre Jesus som har nåde. Difor skriv Paulus til dei kristne i Rom: «alle – vert rettferdiggjorde ufortent av hans nåde ved utløysinga i Kristus Jesus,» Rom. 3, 24.

  Det er i Jesus du finn nåden. Han er nåde – og sanning. Jesus er sanninga, og han gir oss det sanne liv og vil me skal leva i sanninga.

 

5. Forgjeves nåde.


Det er åtvaringa til oss. Skal biletet bli nokonlunde fullstendig, må det vera med. Paulus skriv om det to gonger, begge gonger til den same forsamlinga – i Korint. I det første brevet til dei seier han mot slutten om seg sjølv: «Av Guds nåde er eg det eg er, og hans nåde mot meg har ikkje vore til fånytte (forgjeves)» 1. Kor. 15, 10. Her seier han at det hadde lukkast for Gud å frelsa han og bruka han i livet – og at alt var nåde.

  Men han seier også underforstått at det er mogleg – nåden kan bli til fånytte. Det åtvarar han dei same kristne til i andre brevet: «Vi formanar dykk og at de ikkje tek imot Guds nåde til fånytte» 2. Kor. 6, 1. Det blir ein tragedie.

  Puritanaren Matthew Henry seier om dette verset: «Det vil bli forgjeves for oss om me ikkje trur det og føyer seg etter det.» Det blir altså til fånytte dersom me ikkje tar imot frelsa ved tru. Både i Korint og i Galatia stod die i fåre for å blanda gjerningar inn i frelsa. Då dårar dei seg sjølve. (MacArthur). Og då var alt forgjeves. Då forkastar me i røynda Guds nåde (jfr. W. Barclay). Difor oppmodar Paulus dei til å ransaka seg sjølve om dei verkeleg er i trua. 2. Kor. 13,5.

 

Så er det den enkle truskapen mot Jesus og evangeliet som gjeld. For det er eit «Guds nådes evangelium» me har (Apg. 20,24). Det vil me halda fast ved.