fredag 16. mai 2014

Norge - -

Norge, 17. mai og Gud.
Det er nasjonaldagen vår, 17. mai- Me fekk ny konge og ny grunnlov - og somme trudde at det ville bli slik framover. Ei heilt ny tid skulle ta til i 1814. Det gjorde det og på ei vis, om ikkje nett slik alle ville tru og vona.

Napoleon skapte problem. Han herja i Europa i fleire år og la mange land under seg. Men i Russland knekte han mest nakken, slik Hitler gjorde seinare. Folket hans, soldatane, døydde i tusental. Og stormaktene kasta lodd om Norge. Me skulle gå frå Danmark - o g til Sverige. Likevel vart tilhøvet til Sverige eit anna, me vart nok eit friare folk og noko meir sjølvstendig enn i einevaldstida under Danmark. Me skulle ha felles konge med Sverige. Og det gjekk stort sett bra.

17. mai skulle me halda - som feiring av grunnlova. Det hadde vore lover i Norge før, heilt frå Gulatingslova m.fl. Men nå kom ei hovudlov for landet som skulle setja kursen framover. Og denne lova gjaldt berre Norge. Grunnlova er noko norsk. Den var nok påverka av andre land og lover, men her vart ho sett inn i norske fjell og fjordar.

Men Gud? Var han med. Eller var det berre Dovre-fjellet dei tenkte på?

Om ikkje Gud er nemnd så mykje, er han der. Den gjennomsyra det som vart skrive og vedteke. Ikkje minst skuldast det dei 14 prestane som var på Eidsvoll. Og mange av bøndene som møtte fram der var nok gudfryktige. Skysskaren som frakta ein stormann til Eidsvoll frå Oslo er truleg representant for mange sin tankegang. Han sa: Hugs at Gud er attåt! Haugianervekkinga hadde gått over landet i åra før, og folk tenkte i andre banar enn før. Dei rekna ikkje berre med hånda, men med Ånda.

I dag ser me kanskje det motsette. Folk flest og dei leiande reknar mykje med det menneske kan makte og teknikk og data skal hjelpe dei med det. Det er på tide å tenkja som ein songar:

Får Gud ikkje vera bygningsmann, me fåfengt på huset byggja.

Folket må attende dit, også regjering og storting.

Det var nok svake punkt i grunnlova, t.d. om jødane. Det er ein skamplett me tek inn over oss. Men det hindrar oss ikkje i å sjå stort på denne lova. Den var og er viktig for oss.

NDH.