mandag 13. april 2015

Påsketid

Etter påske.

    Påske er den viktigaste høgtida for kristenfolket. Store ting hende i verda, til beste for alle som vil tru og ta imot. Julehelga talar om Jesu kome til jord. Det var eit under. Og i pinsehelga kome Anden, han skulle vera Jesu representant på jorda.
   Og mellom desse ligg påske. Det var då Jesus gjorde si gjerning. I tida etter påske får me leva i lys av dette. For då gjorde Jesus noko som ingen andre kunne. Også det er eit under. Ikkje ein gong englane kunne gå i hans plass, og slett ikkje noko menneske.
   Det var ikkje politikk eller kultur og sosialarbeid. Jesu gjerning var religiøs. Skal me forstå poenget med det han gjorde, må me tenkja med religiøse ord! Av di menneska hadde synda grovt mot Gud, måtte Gud døma og straffa – slik det òg er vanleg i ein rettsstat. Hvis alle skulle dømast, ville det betyr at heile verda gjekk fortapt for alltid.
   Då kom Jesus. Han tok dom og straff og sona alt for alle då han døyde og stod opp. Difor er påske den STORE dagen for oss. Alt er ferdig for alle, men kvar og ein må ta imot det.


Nils Dybdal Holthe

lørdag 4. april 2015

Påskefeiring

Påske

4. april 2015 kl. 19:40
Påske er sanneleg blitt ei høgtid for folket, og dei feirar den på ulik måte. Det har nok gått føre seg ganske lenge, men kanskje må me seia at dei siste tiåra har det blitt meir feiring enn påske. Eg har ikkje noko mot at folk har fri og reiser på tur og har det "kjekt", som det heiter nå. Men me må kanskje spørja oss sjølv: Kvifor har me eigentleg påske?

Då kjem me ikkje forbi at det er ei bibelsk høgtid. Ingen andre religionar har påske - med unnatak av jødane. Og den jødiske påske ligg som eit bakteppe for den kristne påsken. På Jesu tid og ved hans død fall også begge desse hødtidene saman i tid. Det vil då seia at den kristne påske vart "skipa" medan den jødiske påske vart feira. Og ikkje berre det. Den jødiske påske var faktisk ein slags "mal" for den kristne. Det ligg noko profetisk i jødane sin påske. Dei feirar den til minne om utgangen av Egypt. Og den var dramatisk - med død og blod og utfriing for folket.

Slik vart også den kristne påske. Kort fortalt døyde fleire den dagen. To røvarar og ein uskuldig dømt. Og det var den romerske staten eller hæren som tok livet av Jesus. Og Jesu blod rann då soldaten stakk spydet i sida hans og då dei slo inn naglane. Då var det smertefullt for Jesus. Den lekamlege og menneskelege sida hans lei like mykje som røvarane.

Men Jesus hadde ei ekstra liding som ingen andre har prøvd og som røvarane ikkje kunne skjøna. For der på krossen tok han med seg alle synder på heile jorda frå alle tider. Det var ei ufatteleg bør han då hadde. Og ikkje nok med at han bar dei. Han blei dømd for dei. Han lei den gudsdommen som me alle skulle ha bore. Og då det var gjort, ropa han ut over Golgata-høgda: Det er fullført. På Jesu språk og i den greske grunnteksta er det berre eitt ord. Dei må ha høyrt det som ein fanfare: Fullført!

Når me ser og tenkjer på dette, vert påskefeiringa ein annan. Det blir ein stor takk til Gud som ordna det slik. Og det blir fødd noko i oss som vil at dette ordet og bodskapen må forkynnast utover heile verda. Eg vil gjerne få spørja: Har du teke imot det? Er frelsa blitt di, eller er det berre teori og historie? Bibelen seier at dei som trur på Jesus, får del i denne frelsa. Amen.