søndag 1. april 2012

Påske.

Påskehøgtida er blitt noko anna det det ho eigentleg er. Det er for så vidt ikkje noko nytt i år, det har vore slik lenge. Men det gjer ikkje saka betre. Ein skade vert ikkje god eller betre om ein tek han opp att fleire gonger. Det blir verre.

KVA ER PÅSKE?
Ja, slik kan ein spørja. Mange veit det ikkje,  også vaksne bra folk. Det er ikkje noko å utsetja på godt-folk flest på mange måtar. Men kjernekunnskapen kjenner dei ikkje. Det gjeld jul og pinse og søndagen og.

Kva er påske, og kvifor har me ei slik høgitd? Jau, soga seier det sterkt: Gud hadde stige ned på jorda ved juletid i sonen sin, og nå ved påsketid døydde han. Og etter det braut han ned døden og blei reist opp or grava. Så han lever likevel - etter ei rekkje Guds under.

Og det er dette folket har gløymt. Dei vil gjerne ha fri, gå i fjellet, kvile ut på hytta etter ein streng vinter - men ikkje fylgja han som skapte påske.

Og eg trur at mange ikkje tenkjer det spor på kvifor Guds Son døydde.

Høyr: Det var for å betala og sona dom og straff for alt det vonde du og eg både ER og GJER.

Salmeskatten vår handlar om det, ei rett og sann bibelforkynning òg.

NY PÅSKE?
Me får ikkje ei rett og sann påskehøgtid før dette kjem på plass igjen. Det er noko falskt og skurrande ved påskefeiringa nå. Den handlar jo stort sett om oss sjølve, at me skal ha det og fint, få litt fri, nyta sola og livet. - Eller kanskje ein ferietur gjer same nytta for somme. Men altså: Ikkje Guds Son i bagasjen og tanken og livet.

Ny påske handlar om å venda om og attende til vær Frelsar, Jesus Kristus. Det er han som er Guds Son og sjølve hovudpersonen i påske - og heile kristendommen.
Kva gjer du?