fredag 12. juli 2013

Fortapinga.

Debatten om helvete er atter ein gong komen i gang i nokre aviser. Hvis denne staden ikkje fins, kvifor er folk då så opptekne an han? Kvifor skal dei bruka krefter og tid på noko dei ikkje trur eksisterer?

Det må liggja noko under. Noko Gud har lagt ner i sjela, ein tanke om at det trass alt er noko etter døden. Og det er dei redd for. Ein måte å koma unna dette på, er å diskutera det bort - slik mange tenkjer. Så finn dei mange argument for at fortapinga ikkje fins. Entehn går dte godt med alle til slutt, eller så er alt slutt ved døden.

Me som trur på Bibelen som Guds evige ord, har eitt svar på det. Ja, dt er noko etter døden. Og dette noko er todelt. Der er ein himmel og der er ei fortaping. Gud har sagt det. Han er skapar og herre og kjenner soga både før og etter døden.

Så får dei kalla oss naive og truskuldige og meina me tenkjer ikkje djupt nok. Då held me oss til det Gud har tenkt, og han har tenkt djupt og rett. Menneska tenkjer ofte feil. Det er forseint, kjære vener, å tenkja om att etter at sjela ghar slokna.
(Dagen.)