lørdag 30. juli 2011

Terror i Norge.

Det ingen skulle tru, har skjedd. Ein vaksen mann tek livet mange unge og nokre vaksne - med overlegg og av eigen vilje. Han hadde som mål å drepa menneske avdi han hadde ei politisk overtydning. Dette har ikkje noko å gjera med religion eller kristendom. Det var ei politisk handling. Han ville rydda ut sosialdemokratiet og Islam. Og han prøvde å gjera det med vald.

Nordahl Grieg skreiv eit vakkert dikt til ungdommen - og det handlar om krig og vald. Der seier han m.a.: "Stilt går granatenes glidende bånd. Stans deres drift mot død, stans dem med ånd!" Han meinte me må kjempa for fred - med ånd og ikkje med våpen. 

Det meinte ikkje A. B. Breivik. Han ville bruka terror, drepa mange, styrta eit regjeringsbygg i grus for å skapa ei betre verd. Me kan vera usamd i politiske vedtak og partier og andre religionar. Men me vinn ingen ting med vald og vondskap. Det er er både ei kristeleg og ei human sanning. Vald avlar vald.

Ei anna side som sjeldan kjem fram i slike tider, er den åndelege dimensjonen. Det er vondt når menneske må døy, særleg på ein så brutal måte. Heile nasjonen syrgjer over det og står saman med dei etterlatne i sorga.

Men me som kristne må ikkje gløyma at alle skal møta Gud. Eit frelsesmøte må skje før døden kjem. Det er for seint i etterkant. Det er ubehageleg å høyra det, men sanninga er ofte slik. Det har vore min tanke og mi bøn nå at denne hendinga må få vekkja nokon og føra nokon til omvending og tru på Jesus. Han er alltid vegen, sanninga og livet. For alle. Gud kan bruka mange ting i si teneste. Me kan be for dei som lever att og ikkje døma dei. Lat oss gjera det. NDH.