torsdag 18. oktober 2012

Koranen i kyrkja.



Kjære truande!

Du har kanskje lagt merke til at ein som las frå Islamboka Koranen i ei kyrkje, Nidarosdomen. Det trur eg er eit teikn i tida på kva folk tenkjer og er opptekne av i dag. For dei las IKKJE Koranvers for å visa at det var motsett bibelsk lære. Dei let det stå som ein sjølvstendig tekst som altså hadde ein bodskap. Den vart jo lest i ei gudsteneste.

Då skal me tenkja: Med religionar av alle slag fylgjer det ei åndsmakt. Guds Ande er med ved Bibel-lesing og det kan verka til omvending og tru på den eine levande Gud. Men Guds Ande fylgjer aldri med i andre religionar. Dei nektar jo den sanne Gud og nyttar seg av andre menneskegudar. Då har dei ei motsett Ånd. Koranen førde med andre ord ein anna ånd inn i Guds hus i Trondheim. Og det var ein prest (!) som gjorde det. 

Då blir eg redd. Kva hender i landet vårt. Kva tankar om det åndelege har ein slik prest? Eg kjenner ikkje desse personane som menneske, men Gud kjenner dei. 

Då Israels folk gjorde slike ting og ofra til Ba’al og andre avgudar på den tida, straffa Gud hardt. Somme gonger brukte han andre heidenske nasjonar som reiskap. Dei førde folk til Assyra og Babel. Bibelen er klår på at det var som straff for utruskap og synd.

Kva vil Gud gjera med vårt land og folk? De som har ansvar offentleg i politikk og kyrkje: Ta ansvar nå og gjer det de kan!

Nils Dybdal Holthe.
Dagen 18. okt. 2012.