fredag 23. oktober 2015

Ikkje berre homofili.

Ikkje berre homofili i kyrkja.

Det var vore mykje tale om homofili i kyrkja nå. Og særleg om homofile prestar skal få gifta seg og tena som prest. Eg skjønar godt engasjementet mot dette og støttar det.

Men ei anna side ved kyrkja må også fram. Litt kyrkjesoge viser at det har vore kamp om andre saker også. Og her meiner eg ikkje saker som er kulturelt grunngjevne. Her gjeld det forståing av Skrifta og å lata seg underordna den. Det er ei avsporing å skulda på kultur og gamaldags tenkjemåte.

Eg skal ikkje trøytta lesaren med mange detaljar, men peika kort på nokre trinn i nedtrappinga av bibelforståinga i kyrkja på fleire punkt.

Kvinneprestsaka er gamal, heilt frå før krigen. Men ho låg død heilt til biskop Schjelderup vigsla Ingrid Bjerkås og ho vart utnemnd til prest i 1961. 6 av dei 9 biskopane som var då var imot. MF også. Og organisasjonane sa nei. Dei grunngav det med Bibelen. Og det var nett dette bibelsynet Bjerkås meinte var «det forargeligste av alt».

Korleis har det gått sidan? Etter kvart vart det fritt fram for kvinner både som prestar og biskopar. Nokre lekfolk (og nokre teologar) kan berre sjå på at det skjer og kan ikkje gjera noko. Vil me ha Bibelen som rettesnor, kan me ikkje anna enn seia at dette er galt.

Så kom Hallesby-saka og debatten om helvete. Eg høyrde sjølv den talen i radio og reagerte ikkje. Det hadde me høyrt på bedehuset før. Også her var det Bibelen sin tale som var gyldig. Det var to utgangar av livet, og den eine var fortapinga. Men Schjelderup gjekk imot, og han fekk ein del prestar med seg. Han mana til kjærleik. Men MF trur eg var klar her og: Ikkje alle vart frelste inn i Guds himmel. Det er berre dei truande. Talen om helvete har stilna mellom dei fleste nå. Heller ikkje her kan me avlysa Guds vilje og tale med menneskeord. Saka står fast hjå Gud. Og Guds kyrkje tar skade når ikkje hans ord kjem klårt fram.

Og nå: homofili. Den er heller ikkje ny. Men det har toppa seg når dei vil gifte seg i kyrkja og vera prestar. Me talar ikkje om legning og natur. Me tenkjer på praksis. For me har klåre ord i GT og NT om at samkjønna liv er ein styggedom for Gud. Bibelen talar om det naturlege samlivet og eit samliv som er mot naturen. Rom. 1. Gud har skapt det slik. Dei som bryt det, driv skammeleg utukt. Det er ikkje me kristne som har sagt slikt. Det er Guds spesielle tenar Paulus.

Kyrkja i Noreg har altså lidd skade på fleire punkt i lang tid. Me står nok alle i fåre for å gå feil på ymse vis. Det veit eg godt. Men å leva og tala feil ut frå Guds ord med vitande og vilje er noko anna. Dei som har synda, får formaning til å omvenda seg i Bibelen. Det tyder på å tru på Jesus og å slutta med ytre synder. Kan me endå vona på at nokon vil gjera det? Då kan det og vera von om ei opptrapping av bibelsynet i landet vårt.


Nils Dybdal Holthe.