fredag 24. juni 2016

Fader vår.

 Mat. 6, 9-15. Herrens bønn.

Fadervår er med i katekisma frå Luther. Og dette kan godt vera ei lønnkammerbøn. Me treng å vera åleine i bøn. Og det er berre der me ber rett. Me kan dela bøna i tre delar. Me kan ikkje sjå i vår Bibel at Jesus ba denne bøna for seg sjølv. Det er fleire ting her som ikkje høver på han personleg. Då ha lærte dei denne bøna, sa han: Slik skal DE be. For det var dei som spurde om han ikkje kunne leira dei å be. Luk. 11.

I. Innleiinga.
Fader vår – me får altså be til Den himmelske Herre og Gud som vår far. Det skaper eit inderleg nærvær mellom den heilage Gud og syndige menneske. «Far» skapar tillit. Han er den sterke som vil og kan hjelpa. Det er altså ein god far som er  modellen her. Somme har eit dårleg bilete av sin far, kanskje med slag og vondord og overgrep. Den tanken er borte her. Og det er mange gode fedre og mødre der borna er trygge. Det er tanken her. Biskop Pontoppidan seier at bøn er å tala einfaldig med Gud i hjarta. Det er ikkje ritual og ord, men hjartetrong.
  Gud er dei truande sin far på ein særleg måte. Det er brukt 155 gonger i NT og berre 11 i GT. Som far har me truande direkte tilgang til Gud. Me treng ingen mellommann der. Og me kan tala fritt ut om det som ligg oss på hjarta. Det er tanken ved «abba-ropet» t.d. i Rom. 8, 15, Abba tyder far eller pappa. Gud har omsut for oss, som ein far forbarmar seg over borna, Salme 103, 13. Han er i himmelen over alle på jord, men også her er han nær. Difor: lat oss gå til vår Gud.

II. Guds rike først.
Fadervår er delt inn på noko av den same måte som dei ti bodorda. Det handlar først og fremst om Guds rike. Det skal me tenkja på i bøna, og det gjeld også i livet vårt: Alltid Gud først.
  Guds namn er heilagt. Og i det andre bodet vert me minna om å ikkje misbruka Guds namn. Det fører skuld med seg. Og me skal visa det heilagt både i våre ord og i livet. Det er veldig trist å merka at folk brukar Guds namn som bannskap og ulike utrop. Dei meinar det kanskje ikkje så vondt. Det var fram i ein skuletime, hugsar eg. Lærar(inna) vår heite Liva. Og ho sa: Om du gjer det tankelaust utan å meina det vondt, er det likevel galt. Og det sette merke i meg. All slags bannskap er synd. Då tek me ære frå Gud og gjer han låg og liten. Lat oss visa det i livet vårt, at me ærar Gud og talar vel om han.
  Guds rike må koma. Det be me om. Luther seier i katekisma at me ber om at det også må koma til oss. Og det hender når folk vender seg til Gud og Frelsaren og tek imot den gåva han har å gi. Og dette riker er eit nåderike og ikkje politisk. Og me be om at det også må koma i oss, ved syndenes forlating og Guds frelse når me tek imot det. Og så kan me be om at det må koma ut til alle folk og land i verda. Bøna handlar om misjon. Tenk, me kan vera misjonærar i lønnkammeret vårt. Me kan be for ukjende heidningar langt borte frå oss. Og Gud høyrer denne bøna. Og me kan be for leirarar i vårt og andre land, at dei må styra rett. Me kan be for vonde menneske som vil skada andre og drep mange skuldlause menneske. Dei kan me leggja på Guds altar.
  Og så: Guds vilje må råda – på jorda som i himmelen. Det er ein stor tanke. Om dette skriv Luther: Me ber om at Gud må bøya sjølvviljen vår så me gjer hans vilje med glede. Og her ser me altså at Guds vilje skal skje ved oss. Det er me truande som skal be om at Gud får råda mellom oss. Og då må han få råda over oss. Og Guds vilje er alltid god og det beste for oss. Det ser me ikkje alltid. Difor kan me be om at me må få sjå det slik, at det Gud leier oss til, er etter hans plan.

III. Vår trong.
Etter at Guds sak har vorte det største og beste for oss, kan me få leggja våre saker fram for han. Han høyrer då og. Og det første som kjem fram her, er viktig for jordelivet: vårt brød. Mat av alle slag så mykje me treng. Her er nok alt medrekna av vår jordiske trong. Luther utvidar dette til nær sagt alt i livet vårt: mat og klede, hus og heim, arbeid og helse, gode grannar og trufaste vener, eit godt styre, rett og fred på jorda. Det kan me tru, for Gud har omsut for alle delar av livet vårt. Dert er overfloda han reagerer mot. Me skal ikkje fråtsa i noko, det er berre skadeleg for oss. Me kan ikkje be om luksus og rikdom. Det er denne verda sine tankar, og dei får aldri nok. «Meir vil ha meir».
  Dinest er det: frelse for vår sjel, vårt evig vel. Og det er sagt slik: Forlat oss vår skuld. Som menneske har me alle synd, og me syndar stadig. Me fell i tankar, ord og gjerningar. Og let me synda få leva i og ved oss, er ikkje himmelen vår. Dette er sjølve krumtappen. Det går ikkje automatisk for ein kristen. Og det er heller ikkje slik at Jesus døyde for synda vår, og då har det ikkje noko å seia om me syndar. Somme talar slik i dag. Det er ein slags objektiv frelse som er heilt ukjent i Bibelen. Det er sant at me «står i nåden» og slik har me tilgang til Gu8ds frelse heile tida. Men har me synda bevisst, må me også bevisst vedkjenna oss det og be om forlating.
  I tillegg er det lagt til nok her som ikkje er i noko anna bøn: slik me og forlet våre skuldmenn. Her ligg det eit veldig alvor. I v. 14-15 er det forklart meir og gjer meininga tydeleg. Viss me forlet andre menneske den urett dei måtte gjera mot oss, då får me og tilgjeving av Gud. Men om me ikkje tilgjev andre, vil Gud ikkje tilgje oss heller. Det heng saman. Her er nokre (kanskje mange) som går og hyser uvennlege tankar om andre som gjorde dei vondt fleire tiår sidan. Dei kan til og med hysa hat mot dei. Og då står dei sjølv utan nåde og frelse. Det er vondt å høyra og lesa at folk ikkje kan tilgje andre. Då lukkar dei sjølv døra att for si eiga frelse. Dette kjem sjeldan fram i tale på møta våre.
  Så kjem dette: freisting. Gud freistar ingen, seier Ordet, Jak. 1,13. Så det handlar ikkje om det. Men det kjem situasjonar og tilhøve der freistinga ligg. Og det er dei me ikkje skal førast inn i. Dansken E. Albeck forklarer dette slik i sin «Undervisning i…»: «Vi ber altså Gud om å lede oss slik at vi ikkje kommer inn i slike fristelser, som på grunn av vår svakhet vil føre oss inn  i det onde.» Og Ø. Andersen seier noko liknande i andaktsboka: «Bønnen gjelder at Gud skal bevare oss som kristne frå å komme i en slik stilling at han blir nødt til å oppgi oss og  overlate oss til det onde.» Det gjeld menneske som er åtvara av Gud, men som ikkje vil bøya seg – som Bileam og Kain i Judas brev. Og Luther seier her: Me ber Gud verja oss og hjelpa oss, så ikkje djevelen, verda og vårt kjøt får lokka oss til vantru og synd.
  Dermed er dett ei oppmoding til oss om å leva varsamt og akta på kor me går og kva me gjer,
  Frels oss frå det vonde, seier han så. Det gjeld nok både det vonde og Den vonde. Her er så mange fårar i verda. Og me kan ikkje fri oss frå det sjølv. Her må vår Far i himmelen gripa inn. Difor ber me om det her, Og han har all makt, så me kan med frimod koma med alt. Det er synda sine fylgjer, til lekam, sjel og i samfunnet. Me kan ikkje skjøna kvifor Gud let så mykje vondskap koma i verda nett nå. Og det har vore slik før og, t.d. under krigen. Me kan ikkje klaga Gud for noko, det høyrer ikkje heime i bøna. Men me kan be om at han i sin nåde vil fri oss frå det og hjelpa oss gjennom det. Og då skal Gud har takk for alt.
 
- Avslutninga på bøna: For riket er ditt, og makta og æra i all æve. Amen. (Det står ikkje hjå Lukas.) Her blir me minna om at ingen ting på jord er vårt, det høyrer Gud til alt saman. Me har til lån. Han har makt til å styra alt på sin måte, men på same tid har han gjeve menneska ein vilje der dei i verdslege saker kan velja. Han styrer alt slik at det til sist vil vera det beste. Me kan berre ved at det skjønar me ikkje alltid. Når riket er hans og makta tilhøyrer han då er og æra hans for alt som er og skjer etter hans vilje. Så må me berre venta til æva kjem. Då først får me svar på alle ting som er uklårt i dag.