lørdag 30. mars 2013

Påske

På TV vart det sagt at påske var den største høgtida for dei kristne. Og det er nok sant, sjølv om alle kristne høgtider er viktige og store for oss. Men påske står kanskje i ei særstode. Det har ein religiøs grunn: Då vart sluttsteinen lagt på den kristne frelse. Og det hende i dag, langfredag. Jesu død på krossen på Golgata var avslutninga på den jordiske tenesta han hadde. Det stod noko viktig att – oppstoda søndag morgon. Men alt dette heng saman.
Når me så ser at folk flest ikkje ser ut til å tenkja det grann på KVIFOR me har påske, vert det vanskeleg for somme av oss. Dei fleste ser ut til å berre leva for seg sjølv, dvs å få mest mogleg ut av påskehelga på fjellet med snø og fint vær. Andre vil helst vera ved sjøen i båt og turar der. Eg meiner ikkje at det er galt i og for seg. Men når påsken vert berre dette, vert det galt. For då tek dei omsyn til seg sjølv og det som høver for dei. Berre det. Då blir det galt.
Det er å vanvørda og “forakta” det største som Gud har gitt menneska. Eg sksulle altså ynskja at mange fleire ville sjå dette og vakna og leggja om livet sitt. Det vil seia å gå på Guds vegar, som diktaren sa. Det er det store påskeynskje eg har nå.