torsdag 8. mai 2008

Israel er 60 år.

NDH.

Staten Israel vart fødd i 1948. Det var ein stor dag for jødefolket over heile verda. berre tre korte frå Holocaust og redslene i Tyskland og Polen. Då visste heile verda kva som hadde hendt i nazi-leirane og i dei okkuperte områda av Europa. Me som var unge då, hugsa litt av reaksjonen hjå folk. Mange var vantruande, men eg trur dei fleste var rysta og sjokka: Slikt er forferdeleg!

Men då - i ’48 – fekk folket sitt eige land. FN godkjende det og mange land sende helsingar med til-lukke! Vel vart det krig same natta – hugs det var arabarane som starta den. Men nå hadde dei legitim rett til landet og hadde difor noko å kjempa for. Difor gav mange livet sitt for det nye landet.

Seinare har dei kjempe fleire gonger mot arabar-åtaka. Me kan gjerne undra oss over og kanskje kritisera nokre tiltak dei har gjort i desse åra. Men dei kjempa med ryggen mot døden. Og det gjer dei framleis. Trygge grenser har dei ikkje ennå.

Mange kristne såg og ser framleis ”Eretz Israel” som landet heiter, som ei oppfylling av bibelske profetiar. Gong etter gong i desse åra har fleire teologar gått ut med heile sin tyngde og sagt: Dette har ikkje noko med Bibelens profetiar å gjera! Og det var ikkje akkurat til hjelp for landet og folket.

Men Bibelen sine ord står fast. Dei skal ha dette landet. Før det er akseptert av alle partar, vil ikkje den politiske løysinga i området koma. Israel vil alltid kjempa med ryggen mot døden. Då gjeld det: Sigra eller døy.

Gud har ikkje tala til noko anna folk om landet enn til jødane. Det gjeld dei, og Gud vil syrgja for at ordet blir oppfylt i rett tid. Som Guds folk må me be vidare om at det må skje. Amen.