tirsdag 8. juli 2008

Jesus kjem att!

2. Pet. 3, 10-14 og 17.
(Fleire tekstar av Peter finn du på http://talarnt.blogspot.com under 1-2 Peter.)

Vers 10 talar om den aller siste tida. Då er det nytta sterke ord. Herrens dag kjem som ein tjuv. Himlane skal forgå med stort brak, og det vert brann og oppløysing. Det er eigentleg ei skremmande tid slik. Mange vil ikkje tru det. men Bibelen er klar: Trass vantrua vert det slik Skrifta har sagt. Me skal vera merksame på at nokre uttrykk ofte er bilder på noko som me ikkje har vanlege ord for.

Då skriv Peter litt om korleis dei kristne har det med tanke på framtida. Det han nå seier, er korleis det atterfødde sinn er.

1. Me ventar på Jesu kome.
Tre gonger seier han det her. Og slik er Guds born. Me veit at han kjem snart og teikna viser det. Det er mørke på jorda. Slik skal det bli. Det er vanskar for dei truande og då lengtar barnet heim. Verda vert meir og meir verdsleg. Islam krev å få rom i dei gamle kristne landa. Dei pressar på meir enn dei fleste andre kulturar.

Då gjeld Jesu bud: Når de ser dette skjer, lyfta hovudet dykkar: Nå kjem utløysinga for dei som høyrer Jesus til. Luk. 21, 28. Det er kjenneteikn på eit godt og rett gudsliv. Nokre bibelvers viser det.

Paulus skriv i Fil. 3, 20: Vårt rike er i himmelen og derifrå ventar me…. I 1. Tes. 1, 10 skriv han om å venta på Guds Son. Og til Titus 2, 13 seier han: medan me ventar på den sæle vona. Slik lever Guds born. Augo er retta opp mot himmelen, der er vår rette heim.

Nokre vil spotta, v. 3-4. Det skal me først og fremst vita. Folk seier at dei kristne alltid har sagt at Jesus kjem snart att. Men han er ikkje komen. Korleis kan me tru slikt då, seier dei?

Og svaret er enkelt: Gud reknar på ein annan måte enn me. Ein dag er som tusen år. Me har slik hastverk og alt skal skje straks. Gud har tid. Men det kjem nok slik han hat sagt. Det er trua sitt vesen: Gud har sagt det – og då skjer det.

Guds born skal då ha ei levande von og venta med tålmod på dagen. Me skal ikkje gro fast her eller slå oss til ro med dette livet. Å venta er å vera klar og rede kvar einaste stund til å ta imot han. Er du det?

2. Då skal me leva rett i verda.
Her nyttar Peter også store ord. I v. 11 skriv han: Då alt går i oppløysing, kor viktig er det då ikkje at de ferdast heilagt og i gudsfrykt. I v. 14 står det: Når det ventar på desse ting, så legg vinn på å verta funne utan flekk og lyte for han, i fred. Og i v. 17 vil han at me skal ta oss i vare så me ikkje vert rivne med av villfaringa åt dei lovlause.

Ikkje alle er så faste i tru og overtyding. Viljesterke og populære predikantar kan lett dra somme med seg ut i ei anna tru og føra dei bort frå den einfelde trua på Kristus. Det er mange farar og freistingar i endetida. Jesus tala om det i Luk. 21, 34-36: Men tak dykk i vare, så ikkje hjarta dykkar tyngjest av rus og svir og verdslege suter, så den dagen kjem uventa på dykk som ei snare. 35 For han skal koma over alle dei som bur over heile jorda. 36 Men vak kvar tid og stund, og be om at de må haldast verdige til å sleppa frå alt dette som skal koma, og til å verta ståande for Menneskesonen.

Dei orda kan me sjå nøyare på kvar for oss. Er det noko som tyngjer oss og dreg oss på fråstand? Eit par tankar om det er viktige her.

a) Me som trur har lyst til å leva for Gud. Den nye natura har dette sinn: Me vil gå Guds veg. I kap. 1, 4 skreiv Peter: Me har fått del i guddommeleg natur. Slik skulle det vore naturleg og sjølvsagt at me alltid levde rett for Han.

b) Likevel vert me formana til å leva rett. Og det kjem av at me er trege og sløve og gløymer oss bort. Og kjøtet vårt vil ikkje leva for Gud. Så blir det kamp i sjela. I Hebr. 3, 13 kjem nokre sterke ord igjen: Forman kvarandre kvar dag - - så ingen av dykk skal forherdast ved at synda dårar dykk. Bibelen har mange formaningar til oss i ulike situasjonar.

Men me skal ikkje leva rett for å bli betre for Gud og verdige til å kallast kristne i oss sjølve. Me har alt i Kristus, og berre det gjeld for Han. Men me kan bli betre for menneske her i verda. Å vera lys og salt er noko anna enn å leva som verdslege.

Det er viktig for oss som trur på Gud å visa at me meiner alvor. Kvardagslivet er eit vitnemål for andre. Og det seier m.a.: Det er da noe å være barn av Gud den evige Fader.

Døme på formaningsord er Rom. 12, 1-2 m.fl. og Ef. 4, 1-ff. Her er tale om leva slik det sømer seg for Guds born. Me skal altså ikkje leva slik det sømer seg for verda eller heidningane. Det er Gud som er vår standard og eksempel.

Legg vinn på å vera utan flekk og lyte. Då er me varsame med ord og gjerning og levevis mellom folket vårt.

3. Til slutt: Me skundar fram Guds dag, v. 12.
Er ikkje det interessant og underleg. Kristenfolket kan framskunda Jesu kome til jord. Korleis kan det skje? Kan det vera mogleg.

Guds ord seier at huset skal bli fullt. Evangeliet skal forkynnast for alle – og DÅ KJEM JESUS. Mat. 24, 14. Me kan berre vera med på dette ved å arbeida for Gud. Difor talar teksten om misjon i samband med Jesu atterkome.

I den bibelomsetjinga som kom i 1975 er det sagt slik: ”Gjer det de kan, så han skal koma snart.” Det kan me berre ved å fullføra misjonsbefalinga. Alle folkeslag skulle høyra. Så lenge det er eit folk att som ikkje er nådd, kan han ikkje koma. For Gud held alltid ord. Difor kunne dette ikkje ha skjedd ikr. 1900 då dei tala mykje om Jesu kome. Det skal me alltid gjera, men dagen veit me ikkje.

Jesus ser etter misjonssinn hjå oss. Han vil skapa det i oss, slik at nauda for dei ufrelste i vårt land og i andre land må verta stor og tyngjande.

Se, de går under i brenningens brus,
Redd en, redd en.
Sjeler fortapes i lystenes rus, redd en.

Slik syng me. Og ein misjonær song slik: Gi meg ditt ømme frelsersinn for slektens sorg og harm. Lukk meg i dine smerter inn og gjøre meg sterk og varm.

Har me gjort det me kunne for å berga nokon? Det spørsmålet å leva i oss og brenna seg fast i sjela. Tenk om me kunne vera med i dette sjelevinnararbeidet. Gud hjelp oss til det. Amen.