fredag 11. juli 2008

Fleire slags bøn!

Mat. 6, 5-8.


Desse versa kjem før Fadervår og dannar ein bakgrunn for den bøna.
Bøna er vårt inderlegaste forhold til Gud – den Allmektige. Tenk, eit menneskekryp får lov å tala med Skaparen. Det er stort.

Men det er ikkje sjølvsagt. Bøna er eit under – og ei gåve frå Gud. I dette avsnittet ser me klart at det er fleire slags bøn. Og ikkje alle bøner når fram til Faderen. For også andre enn dei kristne kan be. Men heller ikkje me ber alltid rett.

Det hadde læresveinane skjøna. Difor kom dei til Meisteren ein dag og sa: Lær oss å be. Luk. 11. For det er slik at ingen kan be av natur eller av seg sjølv. Me snakkar ofte i bøna utan at det vert bøn. For bøna er sjela sitt andedrag. Me lever med Gud på ein måte ved bøna.

Nå skal me stansa for tre slags bøn.

1. Hyklarane, v. 5.

Dei ber! Dei brukar ord, men bøna blir feil. Nå er det mange slags hyklarar. Men i hovudsak er det slike menneske som seier noko anna enn det dei er. Ordet for hyklar (hypokrites) tyder ein som gir svar, ein skodespelar. Han spelar ei rolle og lever seg inn i noko han ikkje er. Slik er hyklaren. Han seier og meiner han er ein kristen, utan å vera det. Slik er han og i bøna! Tenk å hykla i det finaste me har: å tala med Gud. Her får me tre kjennemerke på ei slik bøn:

a) Han ber for å visa seg. Han er oppteken av kva andre meiner om han. Då vil han hausta ros og applaus om lag slik: Du er ein god kristen og varm i bøna. I Mat. 23, 5 talar Jesus tydeleg om det: Hyklarane gjer alle gjerningane sine for at folk skal sjå dei. Og det er ikkje rett. Og kvifor tenkjer dei slik?

b) Dei ber ikkje for Guds ansikt. Dei ber eigentleg for menneska, og då er det ikkje bøn, v. 5. Farisearen i Luk. 18, 11ff var ein av die. Han fortalde Gud kor god han var og viser at han var nøgd med seg sjølv. Difor hadde han ingen ting å be om. Hjarteinnstillinga hans var feil og usann. Hallesby seier noko klårt her: ”Bønnens kjennetegn er hjelpeløsheten.” Det mangla farisearen – og me merker vel det i vår tid også. Mange vil hjelp til å bli friske og få goder i livet. Men dei kjenner ikkje på sjelenaud, og bøna blir ord om jordiske ting. Salme 50, 15 er lærerik: Kalla på meg den dag du er i naud. Det er ikkje først og fremst økonomi og sjukdom som er nauda vår – men vår synd. Den ser me best når me står for Guds ansikt og let hans blikk ransaka oss.

c) Dei får ikkje løn og bønesvar. Bøna vert med andre ord utan resultat og rett svar. Dei har har fått løna si her. Det tyder ros og at folk ser opp til dei. Dette ligg svært djupt i kvar einaste menneske. Også kristne kjenner at denne synda lokkar. Det er så besnerande at ros frå menneske skal tyda at vår kristendom er god. – Må Gud hjelpa oss til å vera redd den fariseiske ånda. Den fører folk i fortapinga. Og Jakob skriv: De får ikkje, for de be ille. Jak. 4, 3.

2. Heidningane.

Heidningane er dei som ikkje kjenner Gud og frelsa i Kristus, v. 7. Men har og eit bønneliv, og dei ber til avgudar som ikkje kan hjelpa. I India såg eg ein gong at menneske laga avgudar til ein bestemt festdag som nærma seg. Kva er då gudar som er laga og malt fine av menneske- kan dei hjelpa i naud?

Jesus seier dei brukar mange ord og ber lenge, ofte utan tanke på innhaldet. I Islam ber dei fem gonger dagleg og vender seg då til Mekka. Katolikkane brukar Rosenkransen og ber Ave Maria 150 gonger og Fader vår 15 gonger. Er tanken at dei mange gongene skal vera til hjelp i bøna. (Nå er ikkje katolikkane heidningar etter definisjonen ovafor, men dei har altså noko likt.)

Og det er ein stor freistnad for alle: Å halda tale for Gud. Me skal fortelja han kva me vil og difor kva han må gjera. Mange meiner nok at sjølve orda er viktige, det å seia dei fram. Ordtaket eller regla: Å ramsa opp Fadervår talar litt om det. – Me har alt sagt det, men bøn er å ropa for livet når ein er i naud.

3. Guds folk.

Når de bed, seier Jesus, v. 6. Her kjem han til dei truande, Guds born her på jorda. Vår bøn er nok uforståeleg, som eit mysterium. Gud veit alt og han vil oss vel – likevel skal vi be.

Me kan ikkje innynda oss hjå Gud, eller å få Gud til å ombestemma seg. Det er nyttelaust og eigentleg ein spott. Men bøna kan endra oss, gjera oss meir mottakelege og avhengige av Gud. Og så er det slik at du kritiserer ikkje den som du ber mykje for. For bøna er eit uttrykk for kjærleik. Den du elskar, vil du hjelpa og vera saman med. Slik er også bøna eit uttrykk form personleg samfunn mellom ein frelst syndar og Gud. Det er ikkje ritual eller tillærte reglar- Det er samtale og tillit.

Og då kjem Jesus med råd:

a) Bruk lønnkammeret. Det tyder at me skal vera åleine med Gud. Me skal ikkje ha publikum. Nokre gonger er det godt med felles bøn både i forsamling og i heimen. Men det kan aldri erstatta dei stundene me har åleine der ingen andre enn Jesus høyrer på.

Ordet for ”lønnkammer” (”tameion”) tyder lager, skattkammer, forrrådsrom – og det hadde ikkje vindauga. Med det ville Jesus seia at me skulle stenga alt og alle ute, og ha disiplin over tanke og tid. Det er ikkje lett. Det veit me alle. Men dette var kanskje og med i ordet: Øv deg i gudsfrykt (1. Tim 4, 7).

Så skal me hugsa at me bør ikkje fortelja andre kor lenge me har vore i lønnkammeret! For då er det ikkje lenger eit lønnkammer. Du har opna døra. Difor vert me litt misstenksame når folk fortel på møte eller andre stader at dei har vore i bøn 3-4 timar den dagen. – Det skal du ikkje seia.

Lukk døra, sa Jesus. Det er då du kan syngja og tenkja frimodig: Når eg og Jesus åleine er, då ynskjer eg ikkje meire her! Er det sant om oss? Eller prioriterer me travelheten?

Tek du deg til åleine med Jesus, vil du oppdaga at dette rommet verkeleg er eit skattkammer. Der ligg krafta, og der finn du skattar løynt i mørke. Mange taper nok velsigning av di dei ikkje er der inne. Dei jordiske ting kveler dei og lukkar døra til Guds skattkammer.

En stille stund med Jesus, den bringer kraft med seg.

Den gir meg mot å vandre på Herrens gode vei.

Jeg har så lun en hytte i bønnen med min Gud,

Vi synd og nåde bytter, og jeg er Jesu brud.

Er det sant?

b) Dinest: Gud ser i det skjulte. V. 6.

Han veit om dine tunge, einsame timar. Han kjenner kvart sukk og lengt i hjarta. Og han veit det før me byrjar å be. Alt ligg ope og bart for han.

Hvert bønnesukk som i ditt hjerte røres,

Det høres klart i himlens helligdom.

c) Gud skal løna dei som ber.

Det tyder i første rekke at han høyrer og svarar på bøna. Han har gjeve lovnad om det, kap. 7,7-8. Du finn noko når du ber. Dører vert opna av ei naglemerkt hand. Bønesvaret er frukt, og ho kjem i rett tid. Og svaret kjem slik som Han ser det gagnar mest og best. Difor skal me venta på svar – sjølv om det tek tid og det røyner på tålmodet!

Det er svar underveis, engler kommer med bud,

Om det drøyer det fram då skal nå!

---