onsdag 11. juni 2008

Stortingsvedtaket.

Så har det hendt. Den norske folkeforsamlinga som skal representera heile folket, har vedteke ei ulov. Alle skal ha all rett til å gjera alle ting dei sjølv meiner er rett. Då blir ingen ting rett.

Den gamle Gulatingslova (frå før 1267) tek til slik: "Det er det fyrste i lovene våre at me skal bøygja oss mot aust og beda til den Heilage Krist..." Det avspeglar vyrdnad for Gud og det heilage og for alt folket.

Slik er det ikkje no. Dei har gjort synda til lov, og det vert det aldri velsigning av. Homofili er ikkje berre vorte lovleg i landet - det har vorte normalt.

I Hamar domkyrkje feira dei dette med eigen gudsteneste. Så er synda godkjend i kyrkja der - som eit fyrste steg. Det kjem nok meir.

Me som trur må no venda oss til Gud meir enn før. OG me må be om miskunn over dette syndige landet der tingmennene-og kvinnene ikkje lenger ottast Gud og hans dom. Soga til Israel seier t. d. at Gud dømer synda, serleg når ho vert gjort i Guds namn.

HERRE, vil du gripa inn endå ein gong - med djup vekking og nåde. Me bed. Amen.