tirsdag 3. juni 2008

Forbønn for ekteskapet.

I desse dagar skjer det noko alvorleg i landet vårt. Me får ei ny lov der alt samliv skal vera likt. Det er ikkje lenger berre det vanlege ekteskapet mellom mann og kvinne som gjeld. Også menn skal kunne gifta seg med menn og kvinner med kvinner. Det er ein ubibelsk tanker og mot all natur.

Den homoseksuelle har kjempa lenge og ivrig for ei slik lov. Og dei har fått gjennomslag for det i Stortinget og mellom mange vanlege folk. Det er underleg kor fort det går. Folkemeininga kan skifta som sønnavinden.

Me me trur at Gud framleis har all makt - også her i verda. Difor må me be han gripa inn. Herre, kan du ikkje bruka di makt mellom oss nå og stansa Satans åtak på folk og kristendom!

Den vonde har makta å kle tankane sine i fine og gode ord som lurer mange mennesker til å tru at det er rett. Dei ser ikkje kor galt det er. Herre, grip inn mellom oss - om det er din vilje nå! Men du kan ha ein veg som me ikkje skjønar. Takk for at du i alle høve er med oss og aldri vil sleppa oss.
Amen-
-