mandag 21. mars 2011

Kvinneprestsaka

Det er 50 år sidan den første kvinneprest vart ordinert og etter kvart fekk kall. Det var Ingrid Bjerkås. Etter fem år i prestegjerning i Troms, døydde mannen og ho reiste sørover att. Då skreiv ho ei bok om seg sjølv: Mitt liv. Nå feirar dei altså dette med store bokstavar, særleg i Hamar bispedøme der ho vart vigsla.

Ser me saka i litt historielys, ser me noko merkeleg. I 1961 sa alle biskopane i ei fellesuttaling: "Vi finner det umulig å forene kvinner i prestetjeneste med Det nye testamentet." Eg vil tru at ein biskop ikkje var samd i det, Schjelderup i Hamar.

Nå er det ikkje ein lyd frå den kanten.

Dette kan me sjå i samanheng med den nye overbispen som skal vera i Trondheim. Det vart ei kvinne. Og det ser ut til at alle biskopane er med og er samd i det. Kollegiet har i alle fall heia på henne. Kor er det blitt av Det nye testamentet? Eller har dei skrive eit NYnytt testamente? (Utan at me skal fleipa om det.)

50 år har altså endra heile teologien på dette område, og dei set mange vers i NT til side. På den måten hevar dei seg over Guds ord og meiner dei har funne den nye tolkinga. Kvinneprestsaka er ikkje lenger ei "sak". Det er historie - og ferdig med den.

Dinest ser me at det første den nye overbispen (i mangel av eit anna ord nå) gjer, er å gå inn for ei velsigning av homofile par. Her må dei laga eit rituale, seier ho nå. Ennå nokre vers i Bibelen er strokne ut.

Her er mykje å sørga over og be Gud om nåde for. Fråfallet er fall frå Guds ord. Og i vår tid går det fort. Men det er litt underleg at det er den kristne kyrkja sine leiarar som går i front. Skulle ikkje dei heller gått i front for få folk til å halda Bibelen heilag? Nå vanhelgar dei ordet frå Gud.

Eg meiner ikkje å vera ufin med nokon. Me har alle vårt å slita med, og ingen av oss er fullkomne. Men kan me ikkje heller bøya oss for det himmelske Ordet og erkjenna at me skjønar så lite av Guds tankar. Men me kan bøya oss for det.
.