mandag 18. oktober 2010

Krf.

Det har roa seg noko ned i saka om Krf og Høybråten i media. Høybråten hadde avklara sin avgang som formann lenge før den siste striden. Men hovudsaka i partiet er ikkje avklara. Kva retning skal partiet gå i framover? Det er mange spente på. Spørsmålet er om det framleis blir eit kristent parti slik det byrja eller om ei ny leiing også stakar ut ein ny kurs og blir eit allmennpolitisk parti. Det er for tidleg å spå om det nå, men me vonar og ber om at Guds rike må sigra på den måten også.