torsdag 19. august 2010

Den liberale teologi lever.


Prof. Carl Fr. Wisløff sa ein gong: Folk trur at den liberale teologi er død. Då sa professoren: Nei! Eit døme på det har me nå i boka ”Om Jesus” av Jonas Gardell. Han har før skrive bok om Gud. Seth Erlandsson har analysert Jesus-boka. Han er kjend som bibelomsetjar og bibeltru teolog.

Gardell er m.a. forfattar, men står fram som ein superliberal teolog. Han tar utgangspunkt i spekulasjonar og teoriar som liberale teologar har bore fram for lenge sidan. Hans Jesus er det han sjølv tenkjer om han og tar ikkje omsyn til det Bibelen seier.

Det er ikkje evangelistane som har skrive evangelia, men folk frå langt seinare tid. Jesus er ikkje død for synda vår. Han sa aldri at han var Guds son. Han var ikkje fødd av ei møy og var ikkje syndfri. Og han kjem ikkje att som Messias.

Alt dette er kjent frå liberale bøker. Men det viser at liberale tankar ikkje er døde. Og det er ikkje tvil om at slik tale øydelegg for Guds rike. Det vil alltid vera nokon som bit på, særleg om dei har lite kunnskap om bibelteologi. For liberal teologi er reine mennesketankar.

Nils Dybdal-Holthe