søndag 24. august 2008

India

Kristne blir angripne.

I Orissa-staten sør for Calcutta i India har det nå vore forfylgjing og åtak på dei kristne, melder Gospel for Asia på internett. Hus og heim og kyrkjer vert brende, og dei kristne flyktar for sine liv. I tillegg blokkerer dei vegane ved å fella tre som hindrar trafikken. Det same hende sist jul, og politiet kjem difor ikkje fram.

Ein toppleiar i rådet for hinduar, Swami, vart myrda, truleg av maoistar. Nå brukar mange dette som eit påskot for å gjera åtak mot dei kristne. Det kan sjå ut som at somme er meir redde for kristne enn for politisk radikale maoistar. Desse hinduane vil proklamera India som ein ”hindu-stat” og går difor mot både kristendom og islam.

India er difor ein av dei statane som me må be mykje for framover. Det er eit stort kontinent med mykje folk. Kristen misjon har ikkje hatt gode tider der på ei stund. Men det var i dette landet både William Carey og Lars Skrefsrud byrja misjonsarbeidet. Som i alle andre land må kvar generasjon kristnast på nytt. Det er ikkje nok med kristne fedre. Kvar einskild må ta imot Jesus. Det er hovudbøna vår. – ndh.