lørdag 7. mai 2016

Vend om



Vend om til Gud.
I vår gamle songbok på bedehusa, Syng for Herren, stod denne songen i den gamle utgåva. Men den er teken ut nå. Og han står heller ikkje i nokre andre songbøker eg har sett gjennom. Er det eit sympton på tida vår? Er det blitt slik mellom oss at me ikkje vil støyta nokon med ein så direkte tale i vår møte? Er me så redde for å skremma nokon at me berre talar og syng om meir ufårlege sider ved kristendomen, som trøyst og nåde og tilgjeving og himmel? Då gløymer ein gjerne at vegen til alt dette er å venda om til Gud. Ikkje slik at me skal gjera noko til frelse. Alt er Guds verk. Likevel må me inn i ljoset frå Guds ord og sjå kven me er og dermed kva me treng. Å venda om er kort sagt å snu seg bort frå synda og verda og venda seg til Gud med audmjuk bøn om at han må ta imot oss.
Eg veit faktisk ikkje om at eg har høyrt ei real preik om omvending på lange tider. Og eg må erkjenna at eg sjølv ikkje har vore flink til det. Difor oppmodar eg dei unge og slike som er i teneste nå: Tal omvending. Me skal vera høflege og venlege med folk. Men dei må få vita at kristendom er personleg, eit heilt nytt liv etter møtet med Jesus Kristus. Det handlar ikkje berre om kunnskap og menneskelege kjensler eller vilje.
Det handlar om erkjenning av personleg synd, det eg har gjort og tenkt og sagt i livet som ikkje var av Gud. Og det handlar alt det eg skulle gjort men ikkje gjorde. Og det handlar om vårt inste menneske, den gamle natura, kjøtet som Bibelen kallar det. Etter syndefallet er vår natur øydelagt. Me kan ikkje gjera noko som er rett for Gud. Alt blir galt av di vår tanke og vilje og innstilling dreier seg om oss sjølve. Me treng eit nytt indre liv som kan gje seg utslag i det ytre.
Då ser me til slutt at me heller ikkje maktar å omvenda oss skikkeleg. Også det må Gud gjera. Men me må koma på den plassen at me ser det og innrømmer det og forstår at det går mot ei galt og feil mål. Då står me der makteslause og ser at det ikkje er nok å bestemma seg eller vilja det gode. Vår natur vil ikkje det. Mang ei sjel har då stått innfor den levande Gud og sett at dei var fortapte der og då. Dei var utan redning. Då blir gjerne bøna enkel og med gråt: Herre, frels meg!