1) Naudsignal
Det er det gamle naudsignalet som var og er
brukt på sjøen når skipet er i naud. I morsespråket er det tre prikkar og tre
streker og tre prikkar igjen. Om lag slik: … --- … SOS tyder: Save our souls –
frels våre sjeler. Det kan og tyda: Save our ship - berg skipet vårt. Mange
båtar har blitt berga på den måten.
I nyare tid
er det kome inn eit nytt naudsignal: May Day. Det har ikkje noko med
maydagen å gjera. Det kjem av eit fransk ord som tyder: Kom og hjelp meg. Det
er eit talesignal der ein ber om hjelp.
Det er godt å få hjelp til havs eller i
lufta. Og det gjeld at hjelpa kjem fram i tide. Då har eg tenkt på eit anna
kallesignal: Det er bøna til Gud når ein er i syndenaud eller andre problem i
livet. Dei kan koma før ein veit ordet av det.
I slike stunder har me altså lov å senda ut
ei bøn til himmelen. Det treng ikkje vera mange orda. Eit SOS er nok. Gud
høyrer godt og han ser kvar sjel på jord. Ta kontakt med han!