fredag 27. juli 2012

Tal om Gud.


Gud.
Etter 22. juli i fjor synest det som om Gud ikkje lenger er aktuell. Han er fråverande i mykje av den offentlege debatten. Somme av aktørane har vist det. Eg kan forstå at ein må vera varsam i den første tida etter ein slik tragedie som ingen av oss eigentleg fattar djupa av. 

Men nå er det tid å løfta Gud fram att. Han har vore her heile tida. Den gamle salma av Petter Dass er aktuell som aldri før: Gud er Gud om alle mann var døde; Gud er Gud om alle land låg øyde. Han er her og har ei hand i det som skjer. 

Me skal og vera varsame med tolkinga av ting i tida. Det er slik at me er små i høve til den store verda og det som hender der – og i høve til Gud. Men lat oss tala om Gud, at han er i alle land og elskar alle menneskje. Men me lyt og vera audmjuke og vita at me ikkje skjønar mykje av det han gjer i samfunnet. Ofte er det ein liten del av hans plan. Men tal om Gud. Då kjem han fram i lyset og blir ein del av folk sin tanke. Og dinest om Son hans og Anden.

Nils Dybdal-Holthe.