tirsdag 13. januar 2015

Synd og nåde.

Den kristne forkynninga skal omfatta mange sider ved Guds ord. Her er eit rikt register å "spela" på. Bibelen er full av emne innan både kristen tru og liv, teologi og diakoni m.m. Men det er eitt felt me ikkje skal gløyma, elles vil kristen tru ta skade.


Det er talen om synd og nåde.


Ikkje berre nåde. Det kan lett bli ei sovepute og ein kristendom som er - skal me seia: haltande. Jo, nåde er eit grunnomgrep i kristen tru. Det skal ikkje vera tvil om det. Om me skulle gjerne sagt meir om det her. Det får venta litt. Men nå må me stansa for det doble omgrepet: synd og nåde. For dei høyrer saman.


Me kan spørja: Kva skal me med nåde? Kvifor skal me tala om den og "bruka" den?


Nåde tyder gratis, utan forteneste, ei gåve. Og kva er det me treng gratis? I vår tid trur me gjerne at me maktar mest alt. Og i vårt land har me store resursar menneskeleg tala. Kvifor treng me då noko anna - som gave?


Og svaret ligg i vår stilling og tilstand. Ordet synd dekkjer alt her. Synd tyder i denne samanheng at me menneske er komne bort frå Gud. Av natur høyrer me ikkje han til. Og synda har øydelagt så mykje i oss at me ikkje sjølv kan finna fram og får tilgang og samfunn med den heilage Gud.


Synd er ikkje berre einskildgjerningar som mange kan seia om: Det har eg ikkje gjort. Ved syndefallet i Eden (1. Mos. 3) vart sjølve natura vår skada og øydelagt.


Pontoppidan seier noko sterkt her - og det er luthersk lære (eg siterer bokmål): 382: "Hva blir da følgen av dette første syndefall?: Alt ondt. Tapet av gudsbildet, og i stedet for det den avskyelige likhet med Satan og trelldom under ham med fordervelse både for  sjel og legeme. Kort sagt: Døden, både åndelig, legemlig og evig. 1. Mos. 2, 17."


Og i neste avsnitt talar han om korleis synda har øydelagt menneske si sjel: 383."1) Den har formørket forstanden, som i menneskelige ting er blitt halvblind og i guddommelige ting helt blind, ja, tilbøyelig til alle villfarelser og falske meninger om det som hører Gud til.
2) Den har røvet viljen dens hellighet og gjort den fiendsk mot Gud.
3) Den har voldt forstyrrelse i begjæringene, i sinnets følelser og til like i samvittighetens fred. Rom. 8,7; Efes. 4, 18; 1. Kor 2, 14."


Det er sanneleg sterke saker. Det skal meir til for å rette opp dette enn god vilje og nokre gjerningar me gjer til beste for folk.


Den store skaden er ikkje at me gjer noko galt mot andre menneske. Det er nok ein stor feil ved oss. Med hovudskaden er at me er skilde frå Gud og ute av stand til å koma attende.


Difor treng me noko meir og annleis enn våre eigne gjerningar. Me må verta ein ny skapning, fødde på nytt for å vera med i Guds rike. Og der kan me ikkje gjera noko til eller frå, like lite som me har fødd oss sjølve som menneske.


Skal du og eg og alle andre bli Guds born og frelste menneske, må Gud gjera alt. Og det har han lova. Jesus er reiskapen. han døydde for denne store synda vår. Nå kjem han med tilbod om frelse. Då skal du ikkje klussa det til med ditt eige strev. Du skal leggja deg ved foten av krossen og ropa: Frels meg. Gåva ligg klar. Du får alt utan betaling eller eige strev. - Kva skulle me med nåde dersom me kunne gjera det sjølv?


Kva gjer me når me får ei gåve? Me seier takk.


Å tro det er å takke
Guds vei er nådens vei.


Slik skreiv prestedottera i Danmark året før ho døydde. Og det kan me og gjera.