onsdag 31. desember 2014

Eit nytt år.

Ennå ein gong skal me "feira" nytt år. Mange av oss har gjort det mange gonger. Men det er liksom nytt kvar gong. Sjølv om dagen i morgon vert nokså lik dagen i går og i dag, kjennest det likevel nytt og annleis.


I alle år har det visst mana folk til litt ettertanke. Ofte har mange gitt nye og gode løfter om korleis det skal bli neste år. Og sjeldan vart dei haldne, ettersom folk seier.
Dette året kunne eg ha lyst til å ta fram nokre "saker" som er viktige nok for folket. Og eg ser det slik at dei er like viktige sjølv om somme ikkje vil fylgja dei eller høyra på det.


1. Politikk.
Den nye regjeringa har visst etter kvart gjort ein del feilsteg. Dei kjem med ei rekke framlegg som ikkje folk flest er samde i - slik ser det i alle høve ut. Demokrati tyder jo m.a. at folket styret, og då meiner ein altså fleirtalet av folket. Det blir ikkje demokrati om nokre få på ein fløy skal avgjera det meste.
Eg veit ikkje om nokon har kviskra Erna og Siv i øyra at det er lurt å føla seg fram litt på førehand før ein går ut med sakene. Men det burde dei gjera - ikkje minst for sin eigen del. Ein politikar skal jo ikkje berre få gjennom sine saker, han skal også ha goodwill i folket. Det er altså rådet frå ein ikkje-politikar nå.
I tillegg vil eg ynskja at dei må tenkja litt prinsipielt, både med omsyn til moral og kva som verkeleg er tenleg for eit folk. Nå har eg i tanke både den frie  marknaden og den liberale tankegangen som somme er så "begeistra" for. Er det verkeleg så at folk flest får det betre og godt med seg sjølv og andre om alle kranar vert opna - symbolsk meint. Fri flyt kan lett bli trældom. Og den er ikkje lett å stansa. Det var peikefingeren til dei som styrer.
Her er fleire "betente" saker oppe i tida. Det gjeld innvandrar, muslimar, Israel, olja og arbeidsplassar og pengar. Her er nok å ta av. Eg skal halda meg unna dei nå. Men kanskje litt varsemd er på sin plass her og.
2. Kyrkja.
På ein måte vart kyrkja løyst frå staten og blir det truleg meir og meir. Men kyrkja er ikkje fri likevel. For ho har visst aldri vore så bunden av folkemeininga som nå. Det kjem galluper om mist alt i dag. Det er eit nytt slag "demokrati". Her gjeld det ikkje at folkevalde skal styra. Her er det tilfeldige grupper og personar som styrer. Spørsmåla dei skal svara på er ikkje alltid like klåre, og dermed blir svara også diffuse.
Slik det ser ut nå, skal visst alt vera tillete i kyrkja nå. Somme vil ha kyrkja gjort om til eit slags kulturbygg der mest kvar ein får sleppa til. Det blir eit slags lokalt "Speaker's Corner" i Hyde Park i London. Alle kan stå fram der og seia stort sett det dei vil. Men då er det ikkje lenger ei kyrkje.
Som i politikken er her også snublesteinar og ømme saker. Det blir gjerne det når ein forlet den norma som Gud har gitt oss. Det treng ikkje vera store avvik før det går galt til slutt. Det er dei små avvik som er fårlegast. Få ser dei og skjønar kva fylgjer dei får. Og få vil høyra at det kan gå galt på den måten. Også her er det lettast å fylgja straumen. Folkemengda-og meininga skal jo styra, må vita.
Eg trur altså at løysinga for kyrkja generelt er så enkel som å gå attende til Bibelen. Det er ei gamal bok, og ho har vist seg at ho er slitesterk. Det er ikkje noko svar å seia at Bibelen er utdatert og for gamal. Det meste av den sunne maten må et, er også gamal. Men me trang det. Og den gamle boka står fast sjølv om somme hånar og ler og talar morosamt om henne. Folk flest må venda attende til Gud og hans Son og hans bok. Dei praktiske ting kan ein gjerne vera usamd i. Men læra er saka her. Bibelen må få ha ein avgjerande stemme i lærespørsmål og korleis livet som kristen er.
Det var altså eit ord frå ein lekmann.


3. Lekfolk og bedehus.
Eg har nokre tankar om det moderne lekfolket og bedehusa og arbeidet der. Men dei skal eg gøyma ei stund.
Men eg vil ynskja god nytt år til dei som er samde og dei som er usamde!