lørdag 13. desember 2014

Trusforsvar



Trusforsvar i ei ny tid.
Nils Dybdal-Holthe

Gud treng ingen advokat eller forsvar, blir det sagt. Og det er sant når det gjeld han sjølv. Og me kan heller ikkje vinna menneske for Guds rike berre med våre forklaringar.

Likevel treng folk å forstå den bibelske bodskapen rett. Mange mistyder bibel og kristendom, ofte på grunn av lite kunnskap, både reine fakta og Guds plan og meining. Difor kan apologetikk (trusforsvar) vera viktig. Den kan ikkje erstatta vanleg forkynning til omvending og tru, men kanskje vera eit mellomledd og supplement.

Her vil eg først peika på ei sak me ikkje må sjå forbi: Apologetikken må gå og går i fleire retningar eller grupper av folket. Jens Olav Mæland skil mellom defensiv og offensiv apologetikk  i boka «Ingen unnskyldning» i 1981. Det er den rolege typen og den angripande. Den første kan gjerne vera eit utvida vitnemål der ein gjev grunnar for trua vår. Den andre går meir til åtak mot dei ikkje-truande og set dei på val. Denne tanken kan me godt ha in mente i det fylgjande.

Me kjenner til medvitne ateistar og motstandarar av trua. Dei er ofte sjølvmedvitne og meiner dei har ei god sak: Det finst ingen Gud og dermed ingen kristendom. Alt er laga av menneske. Det har faktisk hendt at slike har blitt kristne, og dei vert ofte gode talsmenn for trua. Men dei treng gjerne lang tid med mykje samtale for å trengja ut av sin «rustning» og gripa nåden. Dei kan vera intellektuelle og vil venta ei teoretisk og intellektuell forklaring.

Ei anna gruppe er tvilarane – dei som vil tvila og nokre som ikkje kan anna. Dei første er kanskje vanskelege å nå av di dei alltid kan så tvil om alt. Dei andre treng enkle forklaringar om enkle tilhøve i første omgang. Somme av dei slit med nerver og gamle synder. Dei treng og lang tid. Her er ingen hastverkløysing.

Ei tredje gruppe er innvandrarane i Noreg. Muslimar er nå ei stor gruppe her i landet. Ekstra vanskeleg vert det når folk med andre religionar er delt i fleire grupper. I Islam har ein t.d. shia og sunnittar, og i tillegg såkalla sekter som achmaddiyya-rørsla. Sjølv om dei har mykje felles i trua, er dei ofte motsetningar og krev kanskje spesielle forklaringar. Det gjeld også buddhismen med to store retningar, hinayana og mahayana.

Alt dette kan vera ei stor utfordring når ein skal presentera evangeliet. Det har mange misjonærar erfaring med. Gjennom alt skal me ikkje gløyma at alt eigentleg er Guds gjerning. Luther skriv i katekisma til den tredje artikkel. Slik står det i ei gammal utgåve av Sverdrups forklaring: «Det er den Helligaands gjerning.» Det gir oss tryggleik på same tid som me blir små.

Likevel – Jesus sende læresveinane ut i heile verda. Det gjeld også oss. Med tanke på apologetikken skal eg nemna noko vesentleg her som faktisk gjeld alle: Først må me ta bort dei unødige snublesteinane og mistydingane. Her kan ei god forklaring av det Bibelen eigentleg meiner vera på sin plass. Ord kan lett mistydast, og serleg er lite kunnskap om bakgrunnen for kristen tru viktig. Det er ikkje berre tale om skapinga, men om syndefallet og dei fylgjer det fekk. Det er mangelvare hjå nordmenn også.

Og ikkje minst: Kva er evangeliet? Berre det kan gjera underet: eit syndig menneske går over frå åndeleg død til evig liv. Det er ikkje mindre enn dette det gjeld. Og det hender når Kristi kors blir forkynt, slik Paulus skriv i Korinterbreva. Det vil alltid vekkja anstøyt, men Pauli gjerning viser at nokre av dei kan vinnast. Apologetikken kan ikkje frelsa folk, men rydda bort nokre steinar og peika på den rette vegen.

Til sist: Eg meiner ikkje at det berre er dei «profesjonelle» som kan vera apologetar i denne meining. Det kan mange. I familie og daglegliv.