tirsdag 1. november 2011

Balfour

Balfour-deklarasjonen
I dag, 2. nov., er det 94 år sidan Balfourdeklarasjonen vart til. Det var ein viktig dag for Israels folk i eldre tid. Nå er dagen gløymt av mange. Mange jødar seg på dette dokumentet som oppfylling av bibelske profetiar og byrjinga på staten Israel. Dei viser då m.a. til Esek. 37, 21.
Balfour-dokumentet frå 1917 fekk namn etter den britiske utanriksminister i første verdskrigen, Arthut James Balfour. Han fekk jødiske samfunn til å tru at Storbritannia ville støtta opprettinga av ei jødestat i Midt-Austen.

Lord Balfour
Balfour sende brev til Baron Walter Rothschild, som var ein leiar i det britiske jødesamfunnet. Han gjekk inn for å oppretta ein stat som jødiske heimland i det som då var kalla «Palestina». Med det tok zionismen et stort steg framover for at jødane skulle få eit land å bu i. Og dette var lenge før nazistane og utryddingsleirane i 1940-åra. Nokre jødar ser difor England som sjølve fødestaden for staten Israel.
Nå har det ikkje gått så lett som Balfour meinte og kanskje trudde. Men det viser m.a. At tanken om Israel som land for jødar ikkje er så ny som somme synest å tru. Og gjennom heile soga frå tida då jødefolket måtte ut or landet har jødar helsa kvarandre med «Neste år i Jerusalem» ved nyårstider.