mandag 6. juli 2009

Latvia

Frå Latvia får eg melding om harde og vanskelege tider økonomisk, kulturelt og ikkje minst åndeleg. Landet er kome inn i ei bakevje der mange vanlege folk har vanskar med å overleva. Når det ikkje er arbeid å få og lite trygder og andre hjelpesystem, veks talet på fattige.

Difor må me be ekstra for Latvia nett nå. Det er ikkje sikkert at det i første rekke blir betre om dei kom inn i EU. Nokre har profittert på det, medan andre meir vanlege folk kjem på sidelina. Difor har mange einskildpersonar og familiar det vanskeleg.

Gud er framleis STOR. Han har makt til å gripa inn. Først og fremst gjeld det der som i vårt land at folket vender seg til Gud. Nå er truleg tendensen at folk ikkje bryr seg om den eine Gud, men dyrkar Mammon. Då går det alltid galt. - Herre, difor ber me om at dine sterke hender skal gripa folket i Lativa og Norge just nå. Takk for din store nåde over folk og land.
NDH.