torsdag 19. februar 2015

Luthers død

Luthers siste preik.
Reformatoren Martin Luther døyde 18.febr. i året 1546, berre 62 år gamal. Men han sette djupe merke etter seg. Ein treng ikkje vera overtydd lutheranar for å setja pis på denne mannen. Heile vår soge tok ei ny vending då.
  Det var særleg læra om å bli rettferdig for Gud ved tru på Kristus åleine som var grunntonen hans. I preiker og kommentarar og brev tok han det opp att: Du blir ein kristen ved berre å tru på Jesus. Me skal ikkje koma til han med ein sekk full av gode gjerningar. Me får koma slik me er, med tvil og vantru og synder av ulik slag – og be om frelse. Det får me utan betaling. Det kallast nåde.
  Grunnen til dette eineståande tilbodet er Jesu gjerning. Det er ikkje hans under og talar som gjer det. Slik Luther døyde måtte også Jesus døy. Men då Jesus hang på krossen tok han med seg all verda si synd og skyld. Han betalte for alt. Det er difor me kan gå fri.
  Har me takka han rett for det? Det skjer når me gir livet vårt til han.

Nils Dybdal Holthe.
(Ord for dagen i Haugesunds Avis 19.febr. 2015.)