torsdag 1. august 2013

Pasjonsspelet i Erl.



Pasjon i Erl.
Ved Nils Dybdal-Holthe.

Det er nå 400 år sidan pasjonsspelet tok til i den vesle byen Erl i Østerrike. Det byrja i 1613 og vert halde kvart 6. år. Det er mindre enn det meir kjende spelet i Oberammergau. Men det har same tema. Jesu liding i påskehelga. Denne sumaren fekk me vera med der og oppleva den store salen full og sjå Jesu liding på nært hald.

Det var både ei positiv og ei negativ oppleving. Det er fint å fylgja Jesu lidingssoge på ein så konkret måte. Men – eg har aldri hatt sans for at nokon spelar Jesus. Det var og med ein del ikkje-bibelske hendingar som eg skal peika på. Dei er mest henta frå legender, gnostiske og apokryfiske evangelier.

Spelet var delt inn i 15 scener og fylgde i store drag bibelsoga. Det byrjar palmesundag med Jesu inntog i Jerusalem. Her er Judas og Pilatus sett inn i handlinga, dei er ikkje nemnde her i evangelia. Måndag i den stille veka reinsar Jesus templet og møter kvinna teken i ekteskapsbrot.

Deretter kjem onsdag med gjestebod hjå Simon den spedalske og Jesus vert salva. Her kjem Judas med ein gruppe røvarar – som ikkje er nemnde i Bibelen. Om kvelden tek Jesus avskjed med mor si – det er ikkje nemnt i Bibelen, men kan godt ha hendt. Om natta er det møte i det Høge Råd og Judas forråder Jesus.

Torsdag ettermiddag (i 6. scene) tek Jesus avskjed med Maria Magdalena. Dette er ikkje i Bibelen, og det er utenkjeleg at Maria ber Jesus om å gifte seg med henne, slik dette spelet framsteller det. I spelet er Maria desperat og ber Jesus flykta med henne til Egypt. Dette har ikkje stønad i Guds ord. Torsdag kveld er det siste måltidet med dei tolv læresveinane og Maria Magdalena. Etter Bibelen var ho ikkje med der. Torsdag natt er Jesus i Getsemane – også der er Maria med, heller ikkje det står i vår Bibel. Her talar Jesus noko av Bergpreika – om dei sæle.

Fredag natt kjem Jesus for det høge råd, dvs. Sanhedrin. Her tek han også med noko frå Bergpreika. Og Peter sviktar Meisteren. Fredag morgon kjem han for Pilatus. Her er ein lang monolog av Jesus. Same morgon kjem han for Herodes. Og så kjem han attende til Pilatus. Her blir Judas fortvila når Jesus ikkje tar makta i scene 12. «Forsvar deg,» seier han. Maria forsvarar han òg, og seier: «Du kan ikkje drepa han, han er verda sitt ljos.»

Fredag føremiddag går Jesus med korset til Golgata. Etter ein gammal tradisjon segnar Jesus fleire gonger under børa. Her er det (etter segna) Veronika kjem med ein sveitteduk til Jesus. Til sist blir Jesus krossfest. Alle sju ord på krossen vert sagt. Her legg dei orda i Jesus munn og let han seia «Mor», til Maria. Bibelen seier han sa «kvinne» (Joh. 19, 26).

Og i den siste scenen møter Maria Magdalena Jesus att som den oppstadne.
-
I hovudsak fylgjer altså spelet den bibelske framstellinga. Men dei har krydra den med utanombibelsk stoff. Det er synd, for bibelsk framstelling kan stå på eigne bein. Då ville folk sluppe å undra seg over kva som er ubibelsk og kvifor det er sett inn.

(Samandrag vesentleg etter turpredikant og sokneprest Arne Lauvhjell.)