fredag 24. juni 2011

Kva er synd?

Kva er synd?
Jon Kvalbein har ein god artikkel i Dagen i dag, 21. juni. Den bør alle merka seg. Og han skriv mykje om at homopraksis er synd. Eg har nå ei kjensle av at somme (mange?) ikkje ser kva synd er. Dei som praktiserar homo-samliv, vil nekta at det er synd mot Gud. Ser me synda i det, vil eit slikt liv bli meiningslaust og umogleg.

Folk må sjå at synda er synd, både mot menneske og mest mot Gud. Og synda må bli så alvorleg at den plagar oss, at me vemmest av den og må kome bort frå den. Det er berre ein farbar veg her: Oppgjer og erkjenning for Gud og bøn om nåde og tilgjeving. Det er først når synda er bekjent, at Gud tilgjev.

Eg synest det er meir enn underleg at biskopar og prestar ikkje ser ut til å skjøna det. Korleis kan dei elles "velsigna" slike folk? Då blir jo velsigninga til forbanning. Og det bør ikkje ein prest eller andre medverka til. Må Gud velsigna land og folk med syndserkjenning. Det er mangelvare nå for tida. Det er då den rette velsigninga kjem.
Nils Dybdal-Holthe.
Dagen 24. juni 2011.