fredag 14. september 2007

Synd og sæle - salme 32

Salme 32,1-2.

Dette er ei botssalme saman med 6 andre i Bibelen, m.a. Salme 51. Det er David som skriv om si eiga erfaring og liv. I tid kjem då Salme 32 etter Salme 51. Salme 51 omtalar bøna og ynskje og trongen etter frelse. Men løysing og svar finn me ikkje der. Det kjem i Salme 32. Då har han opplevd sjølve utløysinga.

David var altså i naud for synda si og viser oss korleis han var fri. Difor er salmen kalla ei læresalme. Alle kan læra noko om vegen til Gud i desse versa. Og alle kristne har opplevd noko av og sjølve hovudsaka i Salme 32. Slik var det me vart frelste og kristne. Dei som ikkje kan kjenna seg att i desse opplevingane, har stor grunn til å ransaka livet sitt og omvendinga. Har me ikkje opplevd eller vore gjennom det Salme 32 talar om, har me ikkje liv i Gud. For er sjølve den tronge porten til Gudslivet omtala. Det finst ingen annan port til livet.

1. Sæl er den, står det.

Det er erfaringa etter at ein har funne fred med Gud. Å vera sæl er den høgste lukka me kan oppleva på jord. Det har ingen ting med eigedom og rikdom og popularitet å gjera. ”Sæl” er eit ord som er knytt til Gud. Det er nytta 26 gonger i Salmane og over 100 gonger i Bibelen.

Det talar ikkje om kjensler og stemningar. Det er å ha det rett med Gud. Ein sæl person står i eit rett forhold til Gud. Difor syng me: ”Alltid salig om ei alltid glad, fer eg vegen heim til Sions stad.”

Difor er sæla eigentleg noko overjordisk, noko som høyrer Gud til, og som me har fått del i. Dei som er bedne til Lammet sitt bryllaup, er sæle. Op. 19,9. Og sæle er dei som hgar vaska kleda sine og går inn i staden gjennom portane, Op. 22,14.

Det tyder altså å vera frelst her og i himmelen. Dei reine av hjarta skal sjå Gud. Mat. 5,8. Og me ser han ikkje rett før me er framme.

2. Er me slik frå me vart fødde?

Svaret er openbert NEI. Etter syndefallet i Eden (1. Mos. 3) er alle utafor Guds rike. Me er fødde me ryggen til Gud. Og det er likt om me har store eller små synder. Det er ikkje storleiken på synda som tel, men AT me er syndarar. I Salme 51 og 32 er det synda med Batseba som er bakgrunn. Den eller dei var alvorlege nok. Men vanlege ”skikkelege” folk står og med skuld for Gud.

3. Kva seier orda her om vegen til Gud?

Fleire ord er nytta. Dei bør me stansa litt ved nå.

a) Våre brot (overtredelse).

Dette er å bryta Guds heilage lov og vilje. Det er å gå over gjerdet, og ikkje leva etter Guds vilje og ord. Ingen gjer det. Difor er ordet brot (overtredelse) ein sterk ’anklage’ mot alle menneske. Me har brote Guds bod og gått utanom hans vilje. Bibelen viser oss klårt kva Gud vil med livet vårt, både ved dei ti boda, ved kjærleiksbodet m.m.

Johannes skriv: Synd er lovbrot, 1. Joh. 3, 4. Når folk syndar viser dei at dei bryt Guds vilje. For Gud ville at me skulle leva eit rett og reint og fullkome liv. Gud skapte oss slik. Men synda kom inn i verda og øydela alt. Difor seier profeten: Misgjerningane dykkar skil mellom dykk og dykkar Gud. Jes. 59, 2.

Jakob skriv slik: Om de held heile lova og bryt eitt bod, har de vorte skuldig i alle. Jak. 2, 10. Gud ser altså lova som ein einskap. Han er ikkje delt opp i einskilde bod. Me kan ikkje seia at me har halde eit bod og difor går me fri. Du som ikkje har drepe nokon, er ikkje frelst av den grunn. Å halda Guds lov tyder å halda alt like perfekt. Og Jesus viste at lova og boda er tenkt åndeleg og ikkje berre konkret. Det er ikkje nok å seia at du ikkje har drepe nokon. Du er ikkje ferdig med Guds bod med det. Det spørst korleis du har tenkt og tala om dette. Å seia eit vondt ord til og om eit anna menneske, er drap. Slik er det med alle boda.

Går du fri då?

b) Synd.

Ordet synd tyder (både på hebraisk og gresk) å ikkje treffa målet, forfeila på den måten. Gud hadde eit mål med livet vårt, både medan me var på jorda og etter døden. Han ville me skulle leva heilt med han. Når livet var slutt, var målet Guds eigen himmel og heim. Der var plass for alle menneske.

Alle synda, seier ord. Rom. 3, 23. Me nådde ikkje opp til det Gud hadde sagt. Og ingen går inn i himmelen ved dødsporten på grunn av sitt eige liv. Ingen har nokon sinne treft målet. Ingen utan ein.

Jesus levde eit slikt liv som me skulle ha gjort. Han er den einaste som Gud har sagt det om: Han som eg har hugnad i, Mat. 3, 17. Me kan heller ikkje gjera noko for å bøta på denne skaden. Me er ikkje i stand til det.

Alt me gjer er ei skam for Gud. Også det beste i oss er skammeleg. Vår kristendom og tru skjemmer ut for Gud, for alt er smitta av egoisme. Slik er me når me prøver med eigne midlar.

c) Utan svik i si ånd, v. 2. David skriv om det.

Det er den tredje sida ved livet vårt. Utan svik er å leggja alt ope fram for Gud. Me prøver ikkje å skjula noko eller bortforklara det. Det er det motsette av fusk.

Dette gjorde David ei tid. Han tagde, v. 3. Det er ikkje godt å gå med sviket i hjarta. Samvitet klagar deg inn for Gud dagleg. Livslysta og krafta svinn og du går taus som kristen. Då er du ikkje sæl og glad og lukkeleg hjå Gud.

4. Vegen ut.

Gud elska denne vrange og syndefulle slekta. Difor har han skapt ein veg ut. Me kom aldri ut på eiga hand. Ingen menneske på jord kunne hjelpa oss til det.

Difor sende han Sonen sin. Han gjorde alt som måtte gjerast.

Difor kan våre brot tilgjevast, v. 1. Og då er saka ordna.

Og synda kan dekkjast til.

Heller ikkje verta tilrekna.

Det er Jesu gjerning som gjorde alt. Han dekkjer synda med sin død og oppstode. Alle synder og ugjerningar er tilrekna han. – Den som opnar seg, vedkjenner seg synda og tek imot Jesus frelse (v. 5) – er fri. -