onsdag 3. april 2013

Uro i verda

Havet er aldri i ro, det er stadig bylgjer att og fram. Nokre gonger ekstra sterke, i storm og skikkeleg uvær.
Nett nå er politisk uro i Aust. Mange tenkjer gjerne: Kva vil Nord-Korea gjera? Det skal så lite til for å tenna ein gneiste i turr mark. Det har me sett fleire gonger denne våren. Ei lita sigarettglo er nok til å skapa ein katastrofe for folk. Og eit ord sagt i sinne og uvisse, kan tenna ein krig. Populært sagt: Eit pistolskot skapte den første verdskrigen.

Kort mykje skal til i Korea? Me veit godt at all krig fører mykje vondt og fortviling med seg. Familiar og heile land må lida i årevis.

Me kan lite gjera. Me sit så hjelpelause i kvar vår stove. Som kristne folk kan me ein viktig ting: Be. Eg las ein gong at det var dei kristne som ba om fred i 1905 som berga Skandinavia frå broderkrig. Og det vat nett i 1905 at den store vekkinga gjerkk over hovudstaden der Albert Lunde tala.

Nå kan me gjera det same. Be for Korea - nord og sør - om fred.