tirsdag 2. april 2013

Etter påsketid.

I dei gamle tekstrekkene i kyrkja heiter det i seks veker: søndag etter påske. Nå har dei endra litt på det og seier: søndag i påsketida. Då tenkjer ein vel at desse seks vekene høyrer med i påsketida. Men det er jo etter sjølve påskehøgtida. Likevel er det fint å tenkja at påske varer vidare. Ja, me lever på ein måte i påsketida hele livet som kristne. For det var i påskehøgtida at grunnlaget for vår kristne tru vart lagd. Ja, vår kristendom er påske.

Det skulle me aldri gløyma. Vårt fundament for trua og innhaldet i kristentrua vår er det som hende i påsken. Det gir oss truande von om framtida og det gir livet innhald som ikkje noko anna.

Vel har me alle våre suter og tyngsler i livet. Dei er ulike, men like alvorlege for kvar ein ofte. Det kan ha med kristelege ting å gjera, men også om vanlege jordiske og menneskelege ting. Då har eg sett det slik at sjølve menneskelivet blir lettare å leva når trua sin grunn er sterkt og trygg. Dei samverkar desse sidene ved Gudslivet. Det er ikkje underleg at mange truande har klart seg betre i trengsler enn dei som er vantruande eller ha ei svak tru. Når nokon har svikta, kan ein grunn til det vera at dei ikkje har sett grunnvollen for si tru. Dei lever for mykje på kjensler og opplevingar. Dei dei ikkje lenger er der, rasar alt det andre lett bort.

difor skulle me vera opptekne av dette: ikkje berre at me trur; men kva er grunnen til trua? Vår grunn er sikker og trygg _den ligg i guds sjølv og vil aldri svikta: om me svikar vil han vera trufast: La denne "etter-påske-tida" få ha dette grunndraget og hovudsiktet.