onsdag 10. desember 2008

Guds tenarar.

Salme 101, 1 og 6.

Dei trufaste og sanne tenarar.

.

David er konge, og kven vil han ha i si teneste? Og han svarar klårt: Dei trufaste og rettskafne. Det er ei rettferdige i landet han vil ha kring seg. Og slik er Herren óg!

.

Det viser oss at berre sanne Guds born kan tena Gud rett. Det er eigentleg audmjukande og ransakande. Det tvingar meg inn til Jesu hjarte. Det var han som tok til med ei god gjerning i oss, Fil. 1, 6. Og han vil halda fram og fullenda alt til si ære. I v. 9 skriv Paulus der at han ber om at kjærleiken deira må verta meir og meir rik på kunnskap og all innsikt. Berre då kan me gå rett fram og vera reine for Gud, v. 10. Du ser etter dei trufaste i landet.

.

Heile vårt liv og arbeid for Gud må vera styrt av Guds ord i Bibelen. Me må halda fast ved det. Og Bibelordet forkynner alltid desse to grunntonane: Synd og nåde. Det handlar om vår naturlege tilstand etter Fallet, og korleis Gud er i Kristus etter Golgata.

.

Her sviktar me mykje i dag. Me opplever at leiarar og lærde menneske tolkar alvoret og anstøytet bort frå Bibelen. Og det ser ut til å auka i tal med åra. Dei grip tak i fleire og fleire emne og område og gir bibelordet ei anna meining.

.

Når det skjer er me ikkje lenger i Guds plan. Gud kan ikkje bruka slike menneske som tolkar og tenkjer seg ut or Guds vilje. Det ytre kan fungera godt, men det er eit tomt skal utan åndeleg innhald. Difor skal me vera redde når det ytre arbeidet veks og lukkast. Då må me granska innhaldet – stemmer det med Ordet?

.

Dei falske profetane i Det gamle Testamentet hadde mange fagre ord. Men dei førte folket til fråfall. Dei siste tider i nådetida skal vera lik den tida. Og nå er me nok komne eit godt stykke inn i dei dagane.

.

Må du Gud vekkja oss og føra oss på dine stigar, og dei er smale og bratte så er du med der. Takk, Herre, for din nåde.