fredag 26. desember 2008

Der eg kan bu!

Salme 71.

.

Her har me ei anonym salme, som me har fleire av. Slike salmar kan me lett gjera til våre. Dei er liksom universelle og gjeld alle folk. Men det er tydeleg at det er ein truande som syng her óg. Difor er det truande folk som kan sjå det som si bøn.

.

1. Bøn om hjelp, v. 1-4.

Dett er og ei sterk bøn om hjelp. Dei ser me mange av i salmane. Og bøna blir sterk når nauda er tung og stor. Han er redd for å bli til skammar i æva. I vårt språk tyder det å gå fortapt. Ingen ting er han så redd for som det.

.

Han veit og at han kan ikkje berga seg sjølv. Han er ein syndar og kan ikkje utsletta synda og skapa seg ei plettfri rettferd. Difor ropar han til Gud: Frels meg ved di rettferd! V. 2. Det er den bøna alle syndarar ber når dei ser si synd.

.

Då nyttar han eit bilete: Du, Herre, må vera eit fjell eller berg for meg og ei borg. Nå treng han ein ny åndeleg bustad og ein stad der han alltid kan gå når noko kjem på, v. 3. Det er eit fint ord. Ver veit berg for meg der eg kan bu – dit eg alltid kan gå!

.

Slik er Gud. Me kan alltid gå til han. Salmisten her har lært Gud å kjenna på den måten. Det same gjeld for oss. Det er ikkje ein dag då me ikkje kan flykta til han. Han tek imot oss kor åndeleg skitne me er og seier: Hjå meg kan du få bu. Å bli frelst er å ta imot det!

.

Du har sagt at du vil frelsa meg! står det. Guds ord forkynner det, og det vil me tru. For Gud har skapt den tillit i hjarta vårt til Ordet: Det er sant det Bibelen seier.

.

2. Guds truskap, v. 5ff.

Denne salmediktaren har erfaring med dette. Han har sett Guds hjelp før, heilt frå ungdommen av, v. 5. Fleire gonger opp gjennom livet har han sett Guds hjelp i ulike situasjonar.

.

Mange andre har sett det, og han vart som eit under for dei når dei såg at han fekk hjelp av Gud. Men nå er han blitt gammal. Og han ottast at Gud skal sleppa han og støyta han frå seg, v. 9. For nå treng han Guds hjelp meir enn nokon gong før. For hans eiga kraft kverv. Han kjenner seg sliten og trøytt og maktar endå mindre enn før.

.

Fiendane er dei same, og dei set ut rykte at Gud ikkje lenger er med han, v. 11. Difor ropar han endå meir: Skunda deg og hjelp meg. I alderdomen vert det gjerne slik. Me vert slitne og ny tvil kan siga inn i sjela. Då er djevelen nær og nyttar alle høve til å røva oss bort frå Frelsaren.

.

Songaren held då fram i bøna: Eg vil alltid vona, og vil halda fram med å trala om di frelse og rettferd. Folk skal få sjå at det er du som er mi berging og mi von. Når eit menneske har det slik, lever det i Herrens veldige kraft, v. 16. Me stolar ikkje på oss sjølve, men på Gud. Og han er mektig, meir enn nokon. Det viste Gud han ungdomen, v. 17.

.

3. Ikkje forlat meg nå, v. 18ff.

Difor har han ei sterk bøn nå: Forlat meg ikkje i alderdomen, v. 18. Han vil endå tala om Guds frelse og kraft til folket. Vitnemålet er viktig for han. Då seier han til folket: Ingen er som Gud, v. 19.

.

Gud har nok tillete mange trengsler og ulukker i livet. Nå vil han vekkja oss opp att til nytt liv, seier han. Det er fornyinga i truslivet. Den vert som ei nyskaping der alt blir annleis. Det har me óg fått oppleva i kristenlivet. Midt i trengsla er Gud sjølv. Han kjem med hjelp og ny visdom for livet framover. Også då vil me tala om vår frelsar, heile dagen, seier han, v. 24.

.

Det er takkesongen vår.

.