torsdag 4. april 2013

Vekking 1.




Me har høyrt om vekkingstider, og litt har me opplevd i vår eiga levetid og. Men det er lenge sidan det var ei landsvekking over Noreg. Mange har nok bedt til Gud om det og vona og trutt at han kom. Det har gått mange tiår utan svar.

Det har vore mange oppskrifter på vekking ned gjennom tidene. Somme meiner dei har funne det rette svaret og forkynt det høgt og frimodig. Men det vart lite synleg frukt. Kan me då ikkje seia noko om vekking og kva tid han kjem? Eg trur me kan antyda noko – menn heile tida vera audmjuk for Gud. Her blir det berre nokre antydningar.

FØRST: Gud er alltid årsak til vekking. Det er jo hans verk og gjerning. Og det gjeld heile tida hans rike her på jord og med det Guds eiga ære. Det handlar ikkje om kyrkjer og organisasjonar. Og det er ikkje tale om at me skal få meir folk på våre møte og forsamlingar. Det kan vera ein snubletråd i vår sterke iver for vekking.

DINEST: Audmjuke kristne er viktig. Det gjeld talarar og prestar, møteleiarar og styrelemer. Og det må vera ekte og ikkje utanpå. Me må ikkje syna oss audmjuke for å visa det fram. Det blir hykleri. Det har alltid vore dei små Gud brukar. Dei åndeleg små er dei som kjenner si synd og kor veike og svake dei er også i det kristne arbeidet.

BØN: Etter det eg har lese i vekkingssoga, var det oftast nokre bønekristne i forkant. Dei bad i mange år og tigga Gud om nye tider. Det var ikkje alltid dei fekk sjå frukta, men ho kom i rett tid. Ein storpredikant kom til London og vekkinga braut ut i storbyen. Ein dag vart kan kalla til ei sjukeseng der ei gamal og krank kvinne låg. Då predikanten kom inn, så ho berre: Og var det du som skulle koma. Eg har bede om det i mange år.

FORVENTNING: Det ligg ei kraft i det å venta. For då har du tru på det som kjem. Dersom me kristne sluttar å venta og tru på vekking, blir me lett sløve. Me slår oss til ro med det som er. Det kan og tyda på at me ikkje lenger trur at Gud kan og vil gjera meir hjå oss. Me skal ikkje meina at me kan gjera det, men for ventinga tyder at me trur Gud kan gjera noko. Det er stor skilnad på dette.

Skal me endå ein gong leggja alt i Guds hand, vera små i oss sjølve, be og venta pog tru at Gud kjem med si gjerning. Det gjeld jo hans sak.