onsdag 13. juni 2012

Etter 21. mai.



Kristendom etter 21. mai.

Mange røyster har tala sterkt om det som hende 21. mai då Grunnlova vart endra så radikalt: Luthersk kristendom er ikkje lenger  ein hovudpillar i Noreg. Kva har det å seia for folket? O.H. Kydland har ei god gjennomgåing av Bj. Hareide si bok om dette temaet frå 1956 (Dagen 7/6-12).
Eit hovudspørsmål nå er: Korleis går det med den kristne lære og tru og liv i landet? Er alt tapt? Noko er tapt, det er klårt. Det låg ein tryggleik i at landet skulle vera eit kristent rike. Me har skræmande døme på korleis det går når religion og tru vert radert bort (Sovjet, Kina m.fl.).
Det kristenfolket ikkje skal gløyma i vår situasjon nett no er dette: Me har fridom i landet til å forkynna og læra og leva etter Bibelen. Det er først om det vert teke bort, at den verkelege fåren kjem. Difor skal me nytta tida no til det.
Organisasjonsbygging er viktig nok, men den må ikkje bli målet. Det er forkynninga av Guds ord som bygger Guds rike. Då må forkynnaren framom alt ha eit brennande hjarta. Mykje kunnskap kan lett gjera folk store i seg sjølv. Det brennande hjarta er lite. Det tenkjer som William Booth gjorde (stiftaren av FA): «Gå etter sjeler, og gå etter dei verste.» Det er ikkje nok med stormøte og konsertar og stemne. Guds ord skal inn i kvardagen og forkynnast dagleg i bygd og by.

Nils Dybdal-Holthe.
(i Dagen 13. juni 2012.)