fredag 5. august 2011

Taushet om Gud.


Taushet om Gud.

Mange fine ord er sagt om det norske folk, og om dei unge på Utøya og medarbeidarane i Høgblokka i Oslo.

Og det er vakkert og fint og rett at folk kjem med blomar og hyller dei døde på den måten. Det norske folk har synt seg frå ei god side denne veka. Men Norge sine høgste leiarar seier ikkje eit ord om Gud. Dei seier berre at døden er det siste og syrgjer over det. Gud er totalt fråverande hjå talsmenn for landet vårt.

Då kan me dra den slutning at Han ikkje er viktig for dei. Ja, at dei fleste som talar kanskje ikkje trur på Han. - Det er slik med trua på Gud at me kan ikkje gøyma den bort – like lite som ein by på berget kan vera skjult. Det sa Jesus.

Men det er også slik at me alle har med Gud å gjera, anten me trur på han eller ikkje. Ingen kan røma unna han. Det må òg vera klårt i desse tider.

Då har alle – særleg leiarar – eit veldig ansvar. Ved å gøyma Gud bort frå det offentlege liv, fører dei folk vill. Det gjorde ikkje bonden som sa til ein tillitsvald på veg til Eidsvoll i 1814: «Hugs at Gud er attåt.» La oss gjera det.

Nils Dybdal-Holthe.
(Dagen 5/8-2011.)