fredag 16. juli 2010

Kyrkja

Boe Johannes Hermansen har vore prest i Den norske kyrkja, men har meldt seg ut, VL 15/7-10. Han er kjend som ein bibeltru teolog og har også vore med i misjonsarbeid. Han summerer opp årsaka til det steg han har gjort slik: "I en sum: Det som det dreier seg om er hvordan klassisk kristen tro skal overleve, og hvordan folk skal bli bevart for evigheten i denne forvirrede tid. Jeg kan vanskelig se det annerledes enn at den vei som Dnk ved sine foresatte har valgt, innebærer at utvannet og/eller vrang forkynnelse og lære truer med å utslokke levende kristen tro og å legge kristens liv øde."

Sjølv om me ikkje tek same konsekvens som han, er det klårt at Hermansen ser rett på kristenlivet i Noreg i dag. Han nemner fleire ting, som homofili, læremessig pluralisme og med det uklår forkynning, bispekollegiet som er splitta og har dermed ikkje ein klår tale til folket, og sjølve statssystemet der staten brukar makt. Det siste ser vel ut til å bli avløyst av ei fri kyrkje på sikt. Om den vert betre bibelsk sett, er eit heilt annan spørsmål. Skal dei same personane som nå sitja ved høgsetet då, blir endringane minimale.

Det kyrkja vår treng er ikkje ytre reformer og stadige forsøk på nye gudstenesteformer. Skal det gå vel med Noreg som ein kristen nasjon og folket vera eit kristent folk i bibelsk meining, må vekkjinga og reformasjonen byrja nedanfrå. Det nyttar ikkje med ny skipper om skuta er råtten. Nå treng me ei himmelsk vekkjing over den jamne mann og kvinne i landet. Soga har lært oss at toppane har vanskeleg for å snu og endra seg. Då er det - som det heiter i arbeidslivet - at folket "på gølvet" stig fram. Nokre gonger har dei eit uvanleg skarpt syn for saka.

Lat oss nytta sumar og haust og så langt med lever til å be vår Gud gripa inn. Då ber han ofte eit menneske om å vera reiskap. Difor skal me vera vakne for det som hender. Me skal ikkje fylgja ein kvar flink predikant. Me skal høyra nøye etter om dei talar "som Guds ord" (1. Pet), om dei er audmjuke og set Gud først, og at deira eine og store mål er å vinna sjeler for Gud. Nå er det "tid for Herren å gripa inn" (Salme 119, 126).

Nils Dybdal-Holthe.
.