tirsdag 10. mars 2009

Bøker i STOR-skrift !

Mange eldre menneske likar å lesa bøker med litt større skrift enn vanleg. Avisene har ofte lita skift, nokre biblar og NT er uleselege for mange eldre. Nokre (få) kristne bøker er i større skrift, og det er gledeleg.

Så kom eg over eit forlag på nettet som har spesialisert seg på dette. Men dette gjeld berre engelsk litteratur - forkorta RHYW. Det er ikkje berre kristne bøker her, men mest av alle slag, serleg slike som er populære og framme i tida. Dei som kan litt engelsk, kan finna ein del godt her.

Der fann eg så John Bunyan. Han var jo ein kjend prest i England på 1600-talet, sat i fengsel for trua si og skreiv ei lang rekke bøker. Mest kjend er kanskje Ein pilegrims vandring og to-tre andre som er komne på norsk. Men på RHYW finn me pr. dato 25 av hans bøker.

Og kva skrift kan me få (kjøpa) dei i?
Frå 11 punkt som er nokså normalt, og heilt opp til 24 pkt skrift, som og er med feite typer. Det er lett å lesa. Eg har kjøpt ei 16 pkt normal skrift og ei i 16 pkt med feitt skrift - den siste er fin og i dårleg lys!

Og pris? Ei bok som kostar 10 USD i pkt 11, vil kosta 15 USD i pkt. 24, utan vanleg innbinding, men likevel i sterk limbinding. Til større skrifta er, til større vert jo bøkene.

Interesserte kan skriva inn denne adressa: www.readhowyouwant.com og leita på menyane.
Dette berre til orientering.
ndh.