Ein farga Bibel.
Bibelskapet
har gjeve ut ei ny utgåve av 2011-Bibelen. Etter det me kan sjå er det ikkje
endra noko i sjølve teksten eller om
setjinga. Men Bibelen er endra på ein annan måte. Av Bibelen sine ca. 31170
vers er 3000 av dei fargelagde med gult. Og det er vers som talar om fattigdom
og rettferd. I vår eiga tidskontekst er det lett å sjå at den er «politisk», om
ikkje partipolitisk.
Bibelen
talar om urett og fattige folk. Og det er rett at me gjer noko på det feltet.
Men det er ikkje hovudsaka i Bibelen. Den er om folk si frelse, av nåde ved tru
for Jesu skuld.
Kanskje
eit forlag vil laga ein ny farga bibel – med vekt på hovudsaka? Frå før er det
jo biblar der Jesus ord er trykt med raud skrift. Kanskje heile
frelsesbodskapen med lovnader om frelse og fullføringa av den kunne løftast
fram slik. Eg har forresten ein bibel der fleire tema er fargelagde. Det er
ikkje noko nytt.
Nils Dybdal-Holthe.
(Innlegg i Dagen 20. febr. 2015.)