tirsdag 4. mars 2014

Gud og helvete.



Gud og helvete.


Gong etter gong kjem spørsmålet opp: Korleis kan ein god Gud kasta folk i fortaping? For tanken er det umogleg å skjøna. Og det er vanskeleg å forklara det logisk.

Kan eg berre få nemna ein ting her: Me må ikkje gløyma dette: Fortapinga heng saman med syndefallet. Utan å sjå det, kan me ikkje skjøna Guds handlemåte. Det viser klårt at mennesket sjølv vel å gå bort frå Gud og er sjølv skuld i sin lagnad. Paulus si forklaring viser at det gjeld alle menneske. Rom. 5. Utan det bibelske grunnlag vil me aldri skjøna noko av Guds tankar.

Det er vondt at folk går fortapt, mange eller få. Men det er ein realitet. Og det må me forkynna – i kjærleik og omsut, men med alvor.
(Lesarinnlegg i Dagen 4. mars 2014.)

Nils Dybdal-Holthe.