søndag 31. mars 2013

Påskedag.

Så var sigeren vunnen! Guds Son hadde vore menneske her på jorda. Då bar han synda for kvar ein og tok domen langfredag. Kvar synd var sona og betalt og vegen inn til Guds hjarta var opna for alle. Men Satan trudde han hadde vunne. Guds Son var jo dø! Døden hadde vunne.
.
Då kom sjokket: Tidleg sundag morgon steig Guds engel ned og opna grava og Jesus frå Nasaret steig ut. Nå var han ikkje eit menneske som Peter og Johannes. Påskemorgon vart det godtgjort og prova at denne mannen Jesus var Guds Son, ja, Guds veldige Son, Rom. 1,4.

Men han stod ikkje opp for si eiga skuld, for å visa at han var Guds Son. Det gjorde han og. Men det var noko meir: Han vart oppreist til vår rettferdiggjering. Rom. 4, 25. Han var sjølv rettferdig, og han gir oss som trur denne si eiga rettferd. På den måten står me og opp frå syndelivet vårt når me trur på Jesus. For vårt eige syndeliv går mot den evige døden der det ikkje er utgang lenger.

Ved trua på Jesus står reine og rettferdige for Gud. Det er mest ein utenkjeleg tanke. Korleis kan det skje? Slik må me undrast så mange gonger. Og det endelege svaret får me vel ikkje her i tida. Det kjem nok i fullt mon når me står opp lekamleg ved hans kome og stig inn i herlegdomsriket hans. Der skal me vera for alltid. Oppstoda blir slik ein himmelfart og ei himmeldør for syndaren.

Spørsmålet blir då: Har me gått inn der? Er du mellom dei som er frelst og fri - ikkje ved noko av deg sjølv. Berre ved Jesu rettferd! Det er ennå rom og tid til å venda om. Kom i dag - på sjølve påskedag!